Vi treng kandidatar til valnemnda

Fram mot årsmøtet 27.mars treng vi medlemmar som kan tenkje seg å sitte i valnemnda. 

I og med at årsmøtet i 2021 vart gjennomført digitalt i Teams og vi hadde få deltakarar, fekk vi ikkje på plass ei ny valnemnd. Det sist året har det såleis vore styret sjølv som har måtte ta jobben med m.a. å finne nye kandidatar til styret fram mot årsmøtet i 2022, som vert halde på Førde Bowling den 27.mars frå kl 15:00 (det vert invitert til nokre rundar med bowling før sjølve årsmøtet, frå kl 13:00). 

Valnemnda er kanskje den viktigaste nemnda i eit lag eller organisasjon. Valnemnda skal søke å finne kvalifiserte medlemmar til lokallagsstyret for å sikre vidare aktivitet og drift. Valnemda bør bestå av minst 3 medlemmar, gjerne fleire.

Styret

 

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer