Vi har motteke støtte frå Gjensidigestiftelsen til å gjennomføre trygg i vatn-kurs for personar med ein autismediagnose. Målsetjinga med kurset er å gjere personen trygg på garderobesituasjon, dusjing, omkledning og å vere i vatnet. I vatnet skal personen lære å flyte, dykke kroppen under vatn og klare å orientere seg der.
Vi har fått med oss ein dyktig instruktør som tilpassar opplæringa individuelt, slik at vi kan ha ulike aldrar med i bassenget. Foreløpig har vi fått til ei fast gruppe med barn frå 7 år og oppover.
Vi har satt opp bassengtimar ein sundag i månaden i terapibassenget i Førde frå klokka 12:00-13:00, og desse datoane er sett opp for hausten 2024:
Sundag 29.september
Sundag 20.oktober
Sundag 17.november
Derom du ynskjer å delta, ta kontakt med oss på e-post sognogfjordane@autismeforeningen.no