Sommaravslutning med gokart og pizza

Bli med på siste aktivitet før sommaren med gokart i Kråkenesmarka laurdag 21.juni frå klokka 11:00 - 13:00 og pizza i Førde etterpå.

Autismeforeningen Sogn og Fjordane lokallag inviterer til gokart i Kråkenesmarka laurdag 21.juni frå klokka 11:00 – 13:00. 

Her kan barn køyre åleine frå 8 år. Vi vil ha ein twin-kart tilgjengeleg for dei som må ha med seg ledsager. Nedre aldersgrense med ledsager er 5 år. 

Autismeforeningen dekkjer halvparten av prisen for første heat for medlemmer. Eitt heat varer 10 minutt. Dei som vil køyre meir enn eitt heat betaler heat nr 2 osv sjølve. 

Prisar for gokart: 

Vaksen:
1 heat 250,-
2 heat 400,-
3 heat 500,-

Barn:
1 heat 200,-
2 heat 300,-
3 heat 400,-

Barn er opp til 12 år. 

Etter aktiviteten i Kråkenesmarka inviterer vi til pizza i Førde. stad kjem vi tilbake til når vi ser antall påmelde. NB! Vi må ha bindande påmelding innan 13.juni, då vi  ikkje får redusere antall påmelde seinare enn 7 dagar før arrangementet. 

Dersom det vert regn må de sjølv ha med regnkle og hanskar.

Del på sosiale medier

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer