Referat fra Årsmøtet 2012

Referat frå Sogn og Fjordane Autismeforrening sitt fylkesårsmøte 11 februar 2012

Vi starta dagen med lunch ..og det var oppmøtt 17 stk som ville følgje denne dagen. Etter lunch

gikk vi over på fagdelen som vart presentert av Pål Iversen , nevropsykolog frå BUP i Sogndal og sjølvoppnevnt spesialist på hjernekrøller.. han snakka om diagnoser og diagonstisering

og for å gjere det heile komplett tok han oppsummeringa først..

oppsummering:

fagfolk er uenige,

fagfolk tar av og til feil ,

fagfolk er likevel (oftest) betre val enn alternativene.

Diagnoser er ikkje helt pålitelige beskrivelser

Snakk nøye med de som skal hjelpe deg

Vi har lagt ved powerpoint presentasjonen som Pål Iversen hadde med seg og snakka utifrå

Etter at vi takka av Pål Iversen og tok ei kort pause starta vi opp med årsmøtedelen :

Margunn Bakke ynskte velkommen til årsmøte

-det var ingen merknader til innkallinga

-det var ingen merknader til saklista

-val av møteleiar – valgt Margunn Bakke

– val av skrivar – valgt Gunn Sande

-val av to til å skrive under møteboka – valgt Ragne Larsen og Alf Kimsås

Årsmelding –Ragne Larsen la fram årsmeldinga for 2011

11 februar 2012

Skei hotell

Årsmelding 2011

Sogn og Fjordane Fylkelag har desse tillitsvalde i styret:

Leiar: Margunn Bakke

Nestleiar: Ragne Beate Larsen

Sekretær: Gunn Sande

Kasserar Mariann Kristiansen

Styremedlem: Lucy Jari

Varamedlem: Evy Ann Kimsås

Varamedlem: Hege Askvik

Valnemnd: Evelyn Wold

Gry Vågane

Henny Instefjord

Revisor: Odd Dyrdal

Arbeid i Fylkeslaget

Årsmøtet 2011 vart halde 2 – 3 september 2011 på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Årsmøtet var og eit oppstartmøte for eit lag som lenge har lege i dvale. Helga blei innleia med svært interessante og relevante foredrag på fredagen. Elisabeth Grindheim snakka generelt om autismespekter diagnoser og Torhild L. Reigstad Olsen foredro om tilrettelegging i vanleg skule.

Styret har hatt to styremøter i 2011,og hansama 21 saker av ymse slag. Sekretær har sendt ut referat frå desse møta. Årsmøteinnkallinga var sendt ut både på mail og post , og vi oppfordrar alle som vil ha nyhetsbrev og referat til å sende mail adressa si inn til oss.

Vi har vore på møte med pasient og brukarombodet i lag med fleire organisasjoner. Dette var eit lærerikt møte. Likemannstreff/foreldretreff er kommet i gang i Sunnfjordregionen og vi oppmoder alle i dette området om å slutte opp om desse arrangementa. Vi har fått god respons og støtte frå helsesøster i Naustdal til dette , både i form av folk og pengar.

Ein viktig ting å få på plass var ein telefon som medlemmane våre kan nå oss på. Dette er ein likmanns telefon med nr.97961987. Telefonen er open tirsdag, onsdag og torsdag mellom 18.00 og 22.00

Enno er det berre leiar som har likemannskurs så vi vil svært gjerne at fleire melder si interesse for slike kurs.

Vi har og registrert fylkeslaget vårt i Brønnøysund registeret og har fått organisasjonsnr. 997 438 477

Det betyr og at dei som vil kan registrere tippekorta sine for grasrotandel på Autismeforeninga Sogn og Fjordane Fylkeslag.

18-20 november 2011 var Gunn, Ragne og Margunn på leiarmøte i Oslo på Rica Helsfyr Hotell. Dette vart dekka frå sentralt hald for å gje oss litt drahjelp i oppstarten. Fredagen var sett av til foredrag, der tema var: ASD og pubertet- eksempler på korleis informere og tilrettelegge. STRESS- samhandlingsmønstre som forebyggjer og reduserar stress hos barn og unge med ASD samt at vi gjennomgjekk i korte trekk den nye sosialtenestelova. Laurdag og søndag var det leiarmøte ,og helga gav stort utbytte, med idear og erfaringar frå andre fylkeslag.

Foreinnga vår skal i April arrangere Landsmøte 2012. Dette skal finne stad i Sogndal med kurs/fagdag på fredagen og landsmøte laurdag/søndag. Her vonar vi mange av medlemmane våre kan møte.

Styret i Sogn og Fjordane autismeforrening takkar for det korte året som har gått og er klar til vidare dyst dersom årsmøtet vil ha oss til å jobbe vidare i året som kjem.

Margunn Bakke

-leiar-

Vedtak : årsmeldinga vart godkjent samrøystes

Rekneskap – Mariann Kristiansen la fram rekneskapen som var revidert av revisorane Odd Dyrdal og Egil Reiakvam

Rekneskapen viser eit underskot på kroner 7.372,03

Vedtak: rekneskapen vart godkjent samrøystes med merknad om eit bilag

Grasrotandelen – Mariann Kristiansen informerte om at vi pr. i dag har 11 spelarar som har valt oss til å få sin grasrotandel. Alle blir hermed oppfordra om å flytte over/ få alle sine bekjente+ familiemedlemmer til å støtte oss.

Val

Styret vart oppmoda om at leiar i valnemda blir innkalla til styremøte i forkant av årsmøte .

Vedtektene må opp som sak på neste årsmøte – både i forhold til val og vedtektene elles.

Etter valget ser styret slik ut :

Leiar – ny for 1 år : Margunn Bakke

Nestleiar – ikkje på val : Ragne Larsen

Kasserer – ny for 2 år : Mariann Kristiansen

Sekretær – ikkje på val : Gunn Sande

Styremedlem – ny for 2 år : Lucy Jari

1 vara – ny for 1 år : Evy Ann Kimsås

2 vara – ny for 1 år : Hege Askvik

Valgnemd :

Evelyn Wold , Gry Vågane og Henny Instefjord

Revisorar:

Egil Reiakvam og Odd Dyrdal

Eventuelt

-Informasjon om landsmøte 2012

Skal være i Sogndal 27-29 april . påmelding er sendt ut frå sentralt hold. Vi må prøve å få denne fredagen godkjent på førehand som fritt spesialkurs innafor både lege og psykologforeningane. Dette må autismeforreninga sentralt ta seg av og Gunn sender mail til Åse/Eldri om dette.

Vi må søke midler til å avholde landsmøte og tek imot innspel på mulig sponsorar.

-informasjon om likemannsarbeidet. Margunn informerte om likemannsarbeidet og det kan være greitt at ein har kommet litt ut i egen prosess før ein tek på seg «jobben»som likemann .

Vi oppfordrer fleire til å gå på likemannskurs

-tenkt infoskriv til kommunane skal også sendast ut til avisene til info o, at vi er oppe og går igjenn

-styret må vurdere å flytte tenkt foreldretreff til utpå hausten – juni er sikkert ikkje rette tida.

Ref,

Gunn Sande

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer