Kurs 19. oktober med Kristin Hurlen-Skau

Autismeforeininga i Sogn og Fjordane skal arrangere nytt kurs 19. oktober 2018 i Auditoriet (2 etasje) på Sjukehuset i Førde frå kl. 10-15. Denne gongen blir det med Kristin Hurlen-Skau.

Kristin Hurlen-Skau er rettleiar og førelesar ved Nordvoll Skole i Oslo, landets einaste spesialskule for elevar med autisme. Skulen sitt kompetanseteam kursar og rettleiar internt på skulen og ut til alle skular i Oslo som har elevar med autismespekterdiagnosar. Kompetanseteamet sel også tenester til resten av landet.

Autismespekterdiagnosar, forståingsvanskar og stress:

Kurset vil ta for seg sentrale kjenneteikn ved autismespekterdiagnosar (ASD), med vekt på forståingsvanskar og korleis stress kan påverke livet til menneske med ein slik diagnose.

Kva kan vi gjere for å hjelpe menneske med ASD til å redusere og handtere stress?

  • Kort om ASD
  • Forståingsvanskar – korleis kan vi forstå barnet
  • Stress og utfordrande atferd
  • Korleis kan vi tilrettelegge og møte barnet på best mogeleg måte
  • Pubertet

Me i styret håpar at dette kurset blir like godt som dei tidlegare kursa – så tips helsestasjonar, ppt, foreldre og skular / barnehage personale som kan ha nytte av kurset.

Kurset kostar 300 kr for fagfolk og gratis for medlemmer

Håpar at flest mogeleg synes dette er spannande tema og møter opp til fagleg påfyll. Påmelding innan 5. oktober til mhdyrdal@frisurf.no

Etter erfaring frå førre kurs med Dag kan kurset raskt bli fult – så «førstemann til mølla»……

Har du spørsmål eller ting du lurer på, så ta kontakt enten på e-post (sjå under) eller på 918 65025, så svarar vi så raskt vi kan.

PS! Viss det er nokon som ikkje får opna vedlegga så gje beskjed slik at vi kan sende dei i anna format.

Velkommen skal alle vere!

Mvh

Margunn Dyrdal

Referent i Autismeforeningen i Sogn og Fjordane

mhdyrdal@frisurf.no 

 

Kursplakat hausten 2018 (2)

Brosjyre kurset med Nordvoll skole 2018 (2)

Kopi av Påmelding til kurs 19.10.2018

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer