Kommunane har ikkje heimel for å krevje vederlag for transport til og frå avlastning

Statsforvaltaren i Vestland delar Autismeforeningen i Sogn og Fjordane sitt standpunkt.

Autismeforeningen i Sogn og Fjordane sende i juni eit brev til Statsforvaltaren i Vestland vedkomande om kommunane har høve til å krevje eigenbetaling for transport til og frå avlastning. Etter helse-og omsorgstenestelova § 3-6 pliktar kommunane å ha tilbod om avlastningstiltak til personar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Avlastning skal vere ei vederlagsfri teneste. Dette følgjer av forskriftene til lov om sosiale tenester (1992-12-04 nr 915) § 8-2 første ledd nr 3. Spørsmålet er om dette også gjeld transport til og frå avlastning.

-Vi har støtta oss på Handikappede Barns Foreldreforening si tolkning av lovverk og rundskriv, seier leiar Gunn Sande i Autismeforeningen i Sogn og Fjordane. Ho viser til at HBF henviser til Rundskriv I-1/94 s.74 som seier ”tjenesten omfatter også ledsager, transport, mat og lignende”. I eit brev dagsett 26.9.1996 frå tidlegare Sosial- og helsedepartementet til Alstahaug kommune heiter det at ”dette skal forstås slik at avlastningstiltak skal inneholde transport til og fra hjem/avlastningshjem, ledsager og mat i de tilfellene det er behov for det”.

I svar frå Statsforvaltaren i Vestland til Autismeforeningen i Sogn og Fjordane vert det vist til same rundskriv og brevet frå Sosial- og Helsedepartementet til Alstahaug kommune frå 1996 og at ”dette skal forstås slik at avlastningstiltak skal inneholde transport til og fra hjem/avlastningshjem, ledsager og mat i de tilfellene det er behov for det.” Statsforvaltaren skriv vidare at ”Dette er eit gamalt lovverk, men det er ikkje anledning til å ta betaling for avlastning, det vil seie at det ikkje er heimel i eigenbetalingsforskrifta. Vi har ikkje funne endringar i rettstilstanden på dette.”

 -Slik vi tolkar svaret frå Statsforvaltaren er transport til og frå avlastninga ein del av avlastningtiltaket, og kommunane har såleis ikkje heimel i eigenbetalingsforskrifta til å krevje eigenbetaling for transporten. Likevel veit vi at ein del kommunar praktiserer å krevje eigenbetaling for transport til og frå avlastning, og dette vil vi ta opp vidare med råda for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunane, avsluttar Sande.

Leiar Gunn Sande

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer