Kan du tenkje deg å stille til val i lokallaget?

Fram mot årsmøtet i 2022, som må vere halde innan utgangen av mars,  treng vi å kome i kontakt med medlemmar som kan tenkje seg å påta seg verv i lokallaget. Pr dags dato har vi ikkje fulltallig styre eller valnemnd. Dersom det er ynskje om å framleis ha eige lokallag og aktivitetar i Sogn og Fjordane er vi heilt avhengige av å få på plass eit kompetent styre og aktive medlemmar som kan hjelpe oss å drive aktivitetane rundt om i fylket. 

Vi ynskjer at styret skal ha representantar frå alle dei tre regionane i Sogn og Fjordane, dvs både frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Styret vi jobbe både på digitale flater og prøve å ha fysiske møte (vi har tidlegare brukt å ha fysiske møte på Skei). Den som stiller til verv må difor kunne bruke Teams som digital møtearena.

Om du kan tenkje deg verv i lokallaget kan du ta kontakt med styret ved leiar Gunn Sande eller Margunn Bakke (kontaktinfo under Om oss)

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer