Julebord og Lan, 2.12.2016

Det blir julebord for medlemmene i Autismeforeininga i Sogn og Fjordane med familie, fredag  2.12., kl. 19.00  på Bambus (Kina restauranten i Førde).

Her kan du bli meir kjent med andre foreldre og medlemmer i Sogn og Fjordane. Møt opp og treff andre som er i same situasjon til felles førjulskos.

Den same helga blir det og arrangert Lan på LØA i Førde. Det startar klokka 17.30 den 2.12. Dei kan då spele utover natta og føremiddagen til ca. kl. 12. den 3.12.

Dette er eit Lan for deg som er frå 12 år og oppover og som ynskjer å sitje å spele og kose deg ilag med andre som er medlemer i foreininga. Viss du ikkje er medlem, er det ikkje noko problem. Medlemmer kan nemleg ta med seg venner. Dei som er under 12 år kan du få lov av oss, vis det er okey for foreldrene dine.

Dei som er på Lanet kan velje om dei ynskjer å ete julemiddag ilag med oss eller få varma pizza. Men me håpar at flest mogleg blir med oss ned på Bambus.

Påmelding til begge desse to tinga bør me ha inn før den 27.11 til Margunn Dyrdal  pga. innkjøp og bestilling av bord.

mhdyrdal@frisurf.no

tlf: 918 65 0 25 (ynskjer påmelding helst på sms sidan eg ikkje

er tilgjengleg på telefon heile tide)

 

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer