Årsmøte 2022

Avstemming full article

Årsmøtet 2022 vert halde på Førde Bowling, Halbrendsøyra 2, Førde, sundag 27. mars kl 15:00. Det vert invitert til bowling frå klokka 13:00 – 15:00 og servering av mat etter sjølve årsmøtet. 

I samband med årsmøtet inviterer vi først til nokre rundar med bowling for dei som ynskjer det, frå kl 13:00 – 15:00. 

Årsmøte frå kl 15:00 – 16:00. Vanlege årsmøtesaker etter vedtektene for lokallag i AiN §§ 8 og 9. 

Saker om medlemmar ynskjer handsama på årsmøtet må vere innkomne til styret innan 6 veker før årsmøtet, jf vedtektene § 6. Det vil seie at sakene må vere innkomne innan 13.februar. 

I samband med val treng vi fleire medlemmar som kan tenkje seg å gå inn i styret og valnemnda. Dette er heilt avgjerande for om vi kan klare å halde fram som  eige lokallag i Sogn og Fjordane og tilby aktivitetar til medlemmane våre. Om du er interessert, ta kontakt med oss på e-post sognogfjordane@autismeforeningen.no

Alle med gyldig medlemskap og bustadadresse i Sogn og Fjordane har stemmerett på årsmøtet. For å ha stemmerett må kontingenten for 2021 vere betalt. 

Etter årsmøtet vert det servert mat i Førde Bowling sine lokale. Det er Dolly Dimple som serverer maten på bestilling, og de kan velge mellom pizza, hamburger, pommes frites, kyllingvinger og salat. 

Påmelding til årsmøtet og bowlingen til sognogfjordane@autismeforeningen.no innan 18.03.2022. Vi må få beskjed om kva mat de ynskjer og eventuelle allergiar. 

Styret i AiN Sogn og Fjordane Fylkeslag

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer