Referat frå ekstraordinært årsmøte i Fylkeslaget til AIN I Sogn og Fjordane

 

Stad: Esso’en på Skei sitt møterom

Tid: 25.11.2018, kl. 18.00.

Vi starta møtet med felles måltid på Esso’en kl. 18.00.

8 medlemmer møtte.

Sakliste:

Sak 1:    Godkjenning av innkalling:  Godkjent

Sak 2:    Val av møteleiar: Margunn Bakke vart vald

Sak 3:    a. Val av refrent: Margunn Dyrdal vart vald.

b. Val 2 to til å underskrive møteboka: Veronica Vågen og Alf Kimsås. Godkjent.

Sak 4:    Val: (ved valkomiteen sin leiar Margunn Bakke)

  • Framlegg til ny leiar frå valkomiteen – Gunn Sande

Vald ved akklamasjon . Ho vil no sitje til nytt ordinært årsmøte i februar 2019.

  • Styrking av styret i denne perioden fram til nytt årsmøte i 2019 ved at Mariann Kristiansen blir vald inn. Vald ved akklamasjon.

Sak 5:    Ekstraordinært landsmøte, 9.11:

  • Årsmøtet gjev styret fullmakt til å velje ut utsendingar til dette på styremøtet i etterkant av årsmøtet.

Sak 6:    Forhandlingsutval for eit eventuelt samanslåing av dei noverande fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Hordaland i det nye Vestland fylke.

  • Debatt rundt FFO sitt møte og saker til det møtet som er i neste veke.
  • Bente sitt innspel til leiarmøtet i AIN november 2018. Debatt rundt saka.
  • Styret får i oppdrag å peike ut kven som skal representere fylket.
  • Viktigaste er den lokale tilknytinga. Lokalt styre / utval el. Det må ikkje bli «utvatna».

Sak 7:    Innspel  angåande samanslåing:

  • Saka blir utsett til etter leiarmøtet 10. og 11. november.

 

Referent: Margunn Dyrdal

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer