Bading på Hauglandsenteret og pizza i Dale

Idag har vi vore 25 stykker på Haugslandsenteret og bada. Stemninga var svært bra sjølv om det til tider var svært mange i bassenga. Etterpå vart det pizza på alle på Dale.

Det såg ut til at alle storkosa seg og det var ein sliten gjeng som reiste heim litt over klokka 16. Men me reknar med at dei fleste er klar att til neste søndag (26.2) klokka 13. Då blir det skyting på Gaular skyttarlag si bane på Sande.

Velkommen til både «gamle» og nye skyttarar!

 

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer