Aktivitetskveld for barn og unge med autismespekterdiagnose

Tilrettelagd aktivitetskveld for barn og unge med autismespekterdianose i Sunnfjordparken, torsdag 1.desember frå kl 17:00 - 20:00.

Autismeforeningen i Sogn og Fjordane ynskjer velkomen til tilrettelagd aktivitet for barn og unge med autismespekterdiagnose i Sunnfjordparken, torsdag 1.desember frå klokka 17:00 – 20:00.

Det vert først ein time med matservering, der vi serverer pizza eller hamburger og brus. Frå klokka 18:00-20:00 har vi trampolineparken og leikeparken for oss sjølve. Vi vil slå av musikk, lyd og blinkande lys. Søsken og føresette kan vere med.

Vi må ha minst 20 påmelde for at vi kan gjennomføre denne aktiviteten. Difor må vi ha påmelding seinast 16.november til sognogfjordane@autismeforeningen.no

Arrangementet er ope både for medlemar og ikkje-medlemar i Autismeforeningen, men minst ein av familiemedlemane må ha ein autismespekterdiagnose.

Eigenbetaling: kr 50,- pr. person for medlemar i Autismeforeningen. Kr 100 pr. person for ikkje-medlemar. (ingen innbetaling før vi ser kor mange som har meldt seg på. Vi gir tilbakemelding på e-post med nærare informasjon om betaling).

mvh,

Styret, AiN Sogn og Fjordane lokallag

/*! elementor – v3.8.0 – 30-10-2022 */
.elementor-widget-google_maps .elementor-widget-container{overflow:hidden}.elementor-widget-google_maps iframe{height:300px}

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer