Rebell

Tekst: Marte Oline Dalmo

Eg var aldri ein opprørar,
berre ein som søkte ro.
Når eg sat i gangen,
gjøymde meg bak skapdørene...
Sanseinntrykka vrengde seg
i klasserommet,
lyden av ti stemmer på ein gong.
Det slo meg ut
og eg makta det ikkje.

Men alt dei såg var den tomme stolen,
ein skulkar,
skreiv merknader medan eg skrapa etter luft.
Eg ville berre ha ein stille krok
der tankane kunne samle seg.

Eg var ikkje frekk.
Eg sa berre det eg meinte,
men alltid på feil tid,
med feil ord, feil tone.

Eg og læraren såg på kvarandre,
begge forfjamsa.
Eg fordi eg ikkje skjønte
kva som nettopp hadde skjedd,
ho fordi ho ikkje kunne tru
det eg nettopp hadde sagt.
Auge som sa eg hadde gjort noko galt,
at eg burde forstå.
Men eg forstod ikkje.
Eg var ikkje frekk,
eg hadde berre ikkje peiling.

Berre ein ungdom som prøvde,
men alltid feila,
alltid bomma,
alltid traff feil note i ei verd
som krevde perfekt harmoni.
Ein opprørsk rebell var
eit stempel som aldri stemde.

Diktet er hentet fra diktsamlingen Vidunderbarnets fall.

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer