På vegne av Autismeforeininga i Sogn og Fjordane vil me invitere deg til å bli med Lan på LØA i Førde (Kyrkjevegen 22 ) frå fredag 30.11 til laurdag 1.12. Me startar opprigginga kl. 17.00 og held på ut på føremiddagen laurdag. (Tidlegare har det vore slutt til ca. kl.12.). Ynskjer og at de skriv litt om det er berbar eller stasjonær pc de har pga. kablar og straum.
Dette er eit Lan for deg som er frå 12 år og oppover og som ynskjer å sitje å spele og kose deg ilag med andre som er medlemer i foreininga. Viss du ikkje er medlem, er det ikkje noko problem. Medlemmer kan nemleg ta med seg venner. Dei som er under 12 år kan få lov av oss, vis det er okey for foreldra dine.
For medlemmer blir det same kvelden, fredag 30.11, felles julemiddag på «Coop Ekstra cafe’en» kl. 19.00. Her kan du bli meir kjent med andre foreldre og medlemmer i Sogn og Fjordane. Møt opp og treff andre som er i same situasjon til felles kos. Julebordet blir gratis for medlemmer og dei som bur ilag med medlemmet.
Dei som er på Lanet er og med oss på julemiddagen (Gratis for desse og).
Coop Ekstra cafe’en serverar juletallerken og hamburgartallerken for dei som ynskjer det.
Påmelding til begge desse to tinga bør me ha inn før den 23.11. til Mette Johansen pga. innkjøp og bestilling av bord osb. (e-post adresse og mobil nr. under). Hugs å spesifiser om du skal ha hamburgar eller julemiddag.
Mette Johansen opsalm@gmail.com eller på mobil: 95732946
Alle er hjarteleg velkommen!