I desse dagar vender mange elevar attende til skulebenken etter sommarferien, og frå skulestart gjeld ny opplæringslov. I ny opplæringslov er reglane om tilpassa undervisning og individuell tilrettelegging vidareført med nokre få endringar. Men frå skulen eller pårørande avdekkjer behovet for tilrettelegging og fram til tilrettelegginga er eit faktum, kan sakshandsamingstida vere uforholdsmessig lang og i verste fall føre til at eleven har lite eller inga utbytte av skuleåret. Vi har teke spørsmålet om utbytte av undervisninga etter ny opplæringslov §§ 11-1 og 11-6 opp med Statsforvalteren i Vestland.
I ny opplæringslov er kommunen og fylkeskommunen si plikt til å sørge for at elevane får tilpassa opplæring vidareført. I den nye loven kjem det tydelegare fram at det er kommunen og fylkeskommunen som har det overordna ansvaret for å oppfylle denne plikta. Det er og presisert at tilpassa opplæring betyr at elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av funksjonsnivå, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine. Presiseringa er meint å gjere det tydeleg at tilpassa opplæring gjeld for alle elevar, også dei med stort læringspotensial.
Begrepet tidleg innsats på 1. til 4. trinn er endra til intensiv opplæring frå 1. til 4. trinn. Regelen er elles vidareført. Det vil seie at intensiv opplæring på 1. til 4. trinn framleis er avgrensa til dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og rekning. Det er gjort ei språkleg justering i bestemmelsen ved at den gjeld for «elevar som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon». Dette inneber ikkje noko endring av regelen.
Kommunen og fylkeskommunen sine plikter til å sikre at den enkelte får tilfredsstillande utbytte av opplæringen er samla og kjem tydelegare fram i ny opplæringslov. Det vert såleis tydelegare korleis skulen skal handle, og at det er kommunen og fylkeskommunen som er rettslig ansvarleg for å at kravet vert oppfylt. Regelen er elles ei vidareføring av tidlegare reglar.
I ny opplæringslov er retten til spesialundervisning delt opp i tre rettigheiter: individuelt tilrettelagt opplæring, personleg assistanse, og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.
Personleg assistanse og fysisk tilrettelegging er i dag mogelege tiltak i vedtak om spesialundervisning. Desse rettigheitene handlar ikke nødvendigvis om å nå mål i faga, men er føresetnader for at elevane skal få utbytte av opplæringa. Etter dei nye reglane skal kommunen og fylkeskommunen fatte vedtak i desse sakene, og det er i utgangspunktet ikkje krav om at det først må foreligge ei sakkunnig vurdering.
Begrepet individuelt tilrettelagt opplæring erstattar den delen av spesialundervisning som dreier seg om å tilrettelegge for at elevane oppnår læringsmåla i faget. Rettigheiten er elles i hovudsak ei vidareføring av tidlegare reglar. Det inneber og at det er krav om sakkunnig vurdering før kommunen eller fylkeskommunen fattar vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring.
Viss eleven treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging i tillegg til individuelt tilrettelagt opplæring, skal den sakkunninge vurderinga gi ei heilheitleg vurdering av kva slags tilrettelegging eleven treng.
Elevar eller foreldre som meiner at eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringen, kan krevje at kommunen eller fylkeskommunen i eit vedtak tek stilling til om eleven har rett på individuelt tilrettelagt opplæring eller ikkje. Dette følgjer ikkje lenger av lovteksten, men av forarbeidene.
Kravet om individuell opplæringsplan og årlig evaluering er vidareført for individuelt tilrettelagt opplæring.
(Kjelde: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/ny-opplaringslov/hva-er-nytt-i-ny-opplaringslov/tilpasset-opplaring-og-individuell-tilrettelegging-i-ny-opplaringslov/)
Men kva kan reknast som akseptabel sakshandsamingstid frå behov for tilrettelegging er avdekka til den naudsynte tilretteleginga er på plass? Vi tok opp spørsmålet med Statsforvalteren i Vestland, som ga oss følgjande tilbakemelding:
«Lova set ikkje nokon frist for kor lang tid skulen har på seg til å gjere vurderingar av om eleven har tilfredsstillande utbytte av undervisninga eller i kva omfang eleven har utbytte. Det er heller ingen fristar for den samla saksbehandlingstida fram tid det føreligg vedtak om spesialundervisning. Saksbehandlinga må vere i samsvar med reglane i opplæringslova og i forvaltningslova. Det inneber at forvaltningsorganet skal sjå til at saka vert førebudd og avgjort utan ugrunna opphald og at saka er tilstrekeleg opplyst jf forvaltningslova §§ 11a og 17. Med omsyn til at eleven har behov for å få avklart saka, har Utdanningsdirektoratet uttalt i rettleiaren om spesialundervisning at ei samla sakshandsamingstid på tre månader kan vere for lang.(…) Heller ikkje ny opplæringslov inneheld nokon tidsfrist for skulen og kommunen/fylkeskommunen si vurdering og saksbehandlingstid. Etter ny opplæringslov § 11-2 skal «kommunen og fylkeskommunen sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder frå til rektor dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa». Dette tilseier at rektor skal koplast inn på eit tidlegare tidspunkt, og delta i vurderinga av om skolen skal setje i verk ytterlegare tilpassingar i opplæringa eller om eleven treng individuell tilrettelegging etter reglane i ny lov § 11-4, § 11-5 eller § 11-6.
Ny opplæringslov gir vidare føringar om at PPT skal bidra meir i det førebyggjande arbidet, ved at det vert sett inn tiltak så tidleg som mogeleg. Dette vil vere til fordel både for elevar som treng tilpassing i det ordinære opplæringstilbodet, og for elevar som treng individuell tilrettelegging.»