Lan og julemiddag 17. november 2017

På vegne av Autismeforeininga i Sogn og Fjordane vil me invitere deg til å bli med Lan på LØA i Førde (Kyrkjevegen 22 ) frå fredag 17.11 til laurdag 18.11. Me startar opprigginga kl. 17.00 og held på ut på føremiddagen laurdag. (Tidlegare har det vore slutt til ca. kl.12.). Ynskjer og at de skriv litt om det er berbar eller stasjonær pc de har pga. kablar og straum.

Dette er eit Lan for deg som er frå 12 år og oppover og som ynskjer å sitje å spele og kose deg ilag med andre som er medlemer i foreininga. Viss du ikkje er medlem, er det ikkje noko problem. Medlemmer kan nemleg ta med seg venner. Dei som er under 12 år kan få lov av oss, vis det er okey for foreldra dine.

For medlemmer blir det same kvelden, fredag 17.11, felles julemiddag på «Den gamle Nabo» kl. 19.00. Her kan du bli meir kjent med andre foreldre og medlemmer i Sogn og Fjordane. Møt opp og treff andre som er i same situasjon til felles kos. Julebordet blir gratis!

Dei som er på Lanet er med oss på julemiddagen. «Den gamle nabo» har ein meny som dei fleste vil finne noko dei likar i. (sjå link under)

Påmelding til begge desse to tinga bør me ha inn før den 12.11  til Gunn Sande pga. innkjøp og bestilling av bord.  Dei som ynskjer julemiddag må skrive dette i påmeldinga då dei lagar opp dette etter kor mange som ynskjer dette. (Dette må du skrive på påmeldinga)

Link til meny:    dengamlenabo

Påmelding til Gunn Sande på e-post adressa:

guk-sand@online.no  eller sms til 905 27 745

Alle velkommen!

 

 

 

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer