Kurs med Stian Orm og Jon Løkke 25.mars

Stian Orm og Jon Løkke

Hald av datoen! Fredag 25.mars har vi fått Stian Orm og Jon Løkke frå Autismekonsult til å kome og halde kurs om nevroutviklingsforstyrrelsar hos barn og unge i auditoriet ved Førde sentralsjukehus frå klokka 10:00-15:00. 

Kurshaldarane: 

 

Stian Orm har diagnosen barneautisme. Frå å ikkje kunne bu heime på grunn av sine omfattande atferdsvanskar, og å ikkje kunne nyttiggjere seg eit ordinært skuletilbod i barndommen, studerer han no psykologi på Universitetet i Oslo.

Stian Orm kjem for å fortelje om sine opplevingar i møte med hjelpeapparatet og omgjevnadene, og korleis han med hjelp av atferdsanalyse og god, systematisk bistand endte opp med å blant anna kunne førelese og halde kurs. Stian er ein svært dyktig føredragshaldar og har vunne prisar for sine bidrag for å auke forståinga av autismespekterdiagnosar.

Jon Arne Løkke er dosent ved Høgskulen i Østfold. Jon har omfattande oversikt over omgjevnadene si rolle og var svært delaktig i å hjelpe Stian med å utvikle seg til den han er i dag. Jon kjem, i samarbeid med Stian, til å fortelje om dei ulike suksessfaktorane som førte til dei omfattande endringene Stian gjekk gjennom.

Kurset vert halde i Audiotoriet på Sentralsjukehuset i Førde fredag 25 mars – med tidsramme 0900-1500  

PROGRAM FOR DAGEN

0900-1000 – registering og litt å bite i for tilreisande

1000-1215 – Stian Orm og Jon Løkke – Nevroutviklingsforstyrrelsar hos barn og unge

1215-1300 – Lunsj

1300-1445 – Stian Orm og Jon Løkke – Trening i sosial og emosjonell kompetanse for barn og unge med nevroutviklingsforstyrrelsar

1445-1500 – dialog – oppsummering og avslutning

 

Påmelding til Gunn Sande – guk-sand@online.no  innan 18 mars.

Mrk! Først-til-mølla-prinsippet, då det grunna smittevernomsyn er begrensningar på tal  personar i audiotoriet – så ver raskt ute for å sikre deg plass.

Kurset kostar 400 kr pr. pers    –     (medlemmar i AiN  gratis )

Påmeldingsavgift betalar de til kontonr 3705.20 68 259 Autismeforeninga i Sogn og Fjordane  innan 18 mars. 

Gyldig kvittering for påmelding viser de ved registrering og frammøte


Til lunsj vert det servert pizza med salat. Det er mogeleg å ordne glutenfritt alternativ, men då må de gi beskjed om dette ved påmelding. 


Oppdatering laurdag 12.februar: 

Regjeringa har i dag frå kl 10:00 fjerna kravet om 1 meters avstand og munnbind. Dette vil truleg gjere at vi kan ta inn fleire på kurset, men dette får vi avklart etter helga. Maks plassar på tidlegare kurs har vore ca 110 stk av omsyn til branntryggleik. Sjølv om kravet om munnbind no forsvinn, vil vi anbefale personar i sårbare grupper om sjølv å vurdere å nytte munnbind, då vi vil kome til å sitte ganske tett på benkeradene i auditoriet. Om du har symptom på luftvegsinfeksjon vil vi tilrå at du testar deg eller held deg heime.  

Vel møtt!

med helsing frå Styret i AiN Sogn og Fjordane lokallag 

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer