Autismeforeningen Sogn og Fjordane Lokallag inviterer til kurs i auditoriet ved Førde sentralsjukehus måndag 28.10.2024 klokka 09:30 – 14:30 (oppmøte og registrering frå klokka 09:00). Tema for kurset er:
Ungdom med autisme og psykisk helse. Korleis forebygge drop-out i skule og behandling?
Ungdom innan autismespekteret er sårbare for psykiske lidelsar og har større risiko for å droppe ut av skule og utdanning. Overgangen frå ungdomstida til vaksen er krevjande og kan for mange føre til sitt første møte med psykisk helsehjelp. På kursdagen vil Anne Gro Innstrand gå igjennom kvifor ungdom med autisme er ekstra sårbare for psykisk uhelse og korleis vi kan forebygge psykisk sjukdom.
Psykisk helsehjelp i kommunane og spesialisthelsetenesta har mange stader utfordringar med å gi et tilbod som møter ungdom med autisme på ein god måte. Ungdom med autisme fell difor ofte utanfor tilbod om rettleiing og behandling. Foreldra vert sittande med mykje ansvar heilt åleine. Innstrand har lang erfaring i gi inkluderande
Med fokus på ungdom med autisme og psykisk helse vil vi følgje opp kursdagen med å sjå på korleis vi kan
1) legge til rette for god meistring på ungdomsskulen
2) legge til rette for gode overgangar mellom ungdomsskule, vidaregåande skule og vidare utdanning
3) forebygge at ungdom med autisme fell ut av skule og utdanning
Det er maks 120 plassar på kurset.
Det vert lett servering ved oppmøte og registrering, enkel lunsj og kaffe/te i pausane. Registrering mellom klokka 09:00 – 09:30.
Dersom du melder deg på kurset som tilsett og arbeidsgjevar skal betale fakturaen, MÅ du vere nøye med å få ført opp riktig fakturaadresse.
Påmeldinggslenke til kurset finn du her: