I vårt lokallag prøvar vi å arrangere ulike møter, foreldretreff, aktivitetar og kurs for våre medlemmar. Når vi skal ha slike arrangement, sender vi invitasjon på e-post eller legg ut her på nettsidene våre, då det vert alt for kostbart å sende med vanleg brevpost.
Vi registrerer at vi ikkje har e-post på alle medlemmane våre, og då risikerer vi at ikkje alle får informasjon. Dei nye personvernreglane (GDPR) krev også at du som medlem samtykker til at vi kommuniserer via e-post. Vi håpar du kan sende inn di e-postadresse til Autismeforeningen sitt sekretariat på e-post: post@autismeforeningen.no, så vert dette lagt til i din medlemsinformasjon.