Hjelpeapparatet

Når du får ein person med ein autismediagnose i familien, vil det i dei fleste tilfelle vere behov for hjelp og støtte utanfrå. Kanskje det ikkje ein gong ligg føre noka diagnose – men berre ein mistanke om at ikkje alt er som det skal.
Då er det om at hjelpeapparatet fungerer.

For mange kan hjelpeapparatet verke uoversiktleg og ansvarsforhold pulverisert. Ofte kan miljøet i familien verte så komplisert at det ikkje berre er den med diagnose som treng hjelp – men heile familien.
Kven tar då ansvar?
Hjelpen utafrå kan vere så ymse. Det er varierande mht ressurstilgong, men ofte er det først og fremst avhengig av person. Kommunen har eit viktig ansvar – men hjelp og støtte frå familie og vener kan også telle mykje. Dessverre opplever mange av oss at ingen andre tar ansvar – og vi må sjølv ta alle initiativ.
Vi vil her freiste å gje nokre råd om korleis du kan gå fram – og kven du skal kontakte:

Førstelinjetenesta

Førstelinjetenesta består i stor grad av kommunale tenester. Helsestasjon, kommunelege, barnehage, skule. Det kan også vere interkommunale samarbeid td. PPT (Pedagogisk Pskologisk Teneste.)
Skaff deg ein god kontakt(person) i kommunen. (Lege, helsesøster, barnehagetilsett, koordinator for funksjonshemma, PPT-tilsett, rådmann eller andre du har tillit til.)
Første tiltak er å få oppretta ei ansvarsgruppe. Det er kjempeviktig for at dei forskjellige tiltak kan settast i verk, og ansvarsforhold kan fordelast. Ein av oppgåvene vert å utarbeide ein individuell plan.
I enkelte tilfelle får vi ikkje den hjelp vi skal ha i kommunen – og då må vi kanskje sjølv ta direkte kontakt opp i systemet.
Der du meiner kommunen ikkje gjer det dei er forplikta til – ankar du sjølvsagt til fylkesmannen.
Sørg for at alle seriøse henvendelsar til kommune og fylke skjer skriftleg.

Andrelinjetenesta

Det er førstelinjetenesta (kommunen) som skal kontakte andrelinjetenesta for å søke hjelp (fagkompetanse i helsforetak, fylke, landsdel eller sentralt) .
Faginstansane har fordelt ansvarsforholda litt forskjellig – alt etter kvar du bor i fylket.

Fagkompetansen i Møre og Romsdal har i dag fordelt ansvarsforholda slik:

 

Sunnmøre – Ålesund sjukehus

Diagnose Institusjon Telefon
Autisme   Barnehabiliteringsseksjon                                      70106443
    Vaksenhabiliteringsteam                                        70106443
 Asperger   Psykisk helsevern for barn og unge, Poliklinikken i Ålesund (BUP)
  Psykisk helsevern for barn og unge, Poliklinikken i Volda (BUP)
 70167200
 70058570

 

Nordmøre og Romsdal

Diagnose Institusjon Telefon
Autisme Avdeling for barn og unge, Barnehabilitering 71121600
   Distriktpsykiatrisk avdeling, Voksenhabilitering 71123100
 Asperger  Avdeling for barn og unge, psykisk helsevern poliklinikk, Molde 71121630
   Avdeling for barn og unge, psykisk helsevern  poliklinikk, Kristiansund 71121710
   Distriktpsykiatrisk avdeling, Vaksenhabilitering 71123100
   Psykiatrisk poliklinikk, Kristiansund 71122950
   Psykiatrisk Poliklinikk, Molde 71122900

 

Husk at det i utgangspunktet er førstelinjetenesta som tar kontakt – men at du kan ta direkte kontakt dersom du ikkje når fram lokalt.

Verktøykasse for tillitsvalgte

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer