Har du saker du vil ha handsama på årsmøtet i 2022?

Etter dei nye vedtektene for lokallaga, vedteke på Landsmøtet i AiN i april 2021, skal lokallaga avholde sine årsmøte innan utgangen av mars månad. Etter vedtektene §6 må saker som medlemmane ynskjer handsama på årsmøtet vere innkome til styret innan 6 veker før årsmøtet finn stad. Styret skal innkalle til årsmøte med minst 2 vekers varsel. 

I og med at fristen for å sende inn saker til årsmøtet går ut før styret har frist til å kunngjere sjølve årsmøtet, ynskjer styret på denne måten å orientere om fristane som gjeld. Endeleg dato for årsmøtet er førebels ikkje satt. 

Saker som det er ynskje om å få handsama på årsmøtet sendast på e-post til sognogfjordane@autismeforeningen.no

 

Med helsing styret

1

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer