Gokart i Kråkenesmarka 22.juni

Autismeforeningen Sogn og Fjordane Lokallag inviterer til gokart i Kråkenesmarka laurdag 22.jinu frå klokka 11:00 – 13:00. 

Her kan barn køyre åleine frå 8 år. Vi vil ha ein twin-kart tilgjengeleg for dei som må ha med seg ledsager. Nedre aldersgrense med ledsager er 5 år. 

Autismeforeningen dekkjer halvparten av prisen for første heat. Eitt heat varer 10 minutt. Dei som vil køyre meir enn eitt heat betaler dette sjølv. 

Prisar vaksne: 1 heat kr 250,-, 2 heat kr 400,-, 3 heat kr 500,-. Barn frå 12 år: 1 heat kr 200,-, 2 heat kr 300,-, 3 heat kr 400,-. 

Etter aktiviteten i Kråkenesmarka inviterer vi til pizza i Førde. Stad vert avgjort når vi ser antall påmelde. 

Send påmelding innan fredag 14.juni til: sognogfjordane@autismeforeningen.no

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer