Foreldresamling 2011

Vellukka foreldresamling i Ulsteinvik.

Indiviuell plan var laurdagens tema. Mange har ikkje fått utarbeidd slike planar – og for dei som har det, har erfaringane vore så forskjellige. Søndag var det Persepsjon som var tema.



Fornøgde arrangørar og foredragshaldarar

Ståle Tangen, nestleiar i foreininga, gjekk inn på dei mange utfordringane det inneber å ha ein person med autisme i familien – og viktigheita av å ha gode planar for dei tiltak som bør settast inn.

Tangen kom også inn på dei mange støtteordningane vi må sette oss inn i og bruke. Det er mykje lovverk å forhalde seg til – og vi små sjølve passe på våre rettigheiter. Ofte må vi anke saker opp over i systemet – før vi evt oppnår det vi har krav på.  (Begge temavert lagt ut  som vedlegg).

 

Helen Brendeløkken, verksemdsleiar i Vestnes kommune, presetenrte  SamPro. Dette er ein nettbasert utgave av den individuelle planen.

Planen er godt innarbeidd i Vestnes – og både brukarar og kommune er svært nøgd med hjelpemiddelet.

Tenk om vi ikkje hadde SamPro!        Ja, dei sei det på Vestnes.

Forsamlinga vart overtydd – og no er det berre heim å starte arbeidet med å påverke kommunen.
Ein demoversjon ligg ut på    individplan/hjelpesystemet.no

Planen er godt innarbeidd i Vestnes – og både brukarar og kommune er svært nøgd med hjelpemiddelet.

Laurdagskvelden med utmerket  mat og mykje god prat vart sjølvsagt eit høgdepunkt.

Kari Eilefsen sto for det faglege innhald på søndag. Då var det sansane våre og måten ein person med autisme kan oppleve syn, hørsel, smak osv. Kjempespanande!

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer