Endringer i opplæringsloven§ 8-1 fjerde ledd

Kunnskapsdepartementet har vedtatt endringer i opplæringsloven § 8-1 fjerde ledd. Nedenfor gjengis den endrede paragrafen i sin helhet.

Endringene trådte i kraft 24.04.2015.

§ 8-1 Skolen

Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

To eller fleire kommunar kan avtale at område i ein kommune soknar til ein skole i nabokommunen. Elles gjeld retten etter første ledd første punktum. Kommunane må gi likelydande forskrift om kva for område i kommunane som soknar til denne skolen. Kommunane skal opprette ein skriftleg samarbeidsavtale. Kommunestyret vedtar sjølv avtalen og endringar i denne. Samarbeidsavtalen skal minst innehalde fråsegn om:
opprekning av avtalepartane og kva kommune som skal drifte skolen som dei gitte områda soknar til
det økonomiske oppgjeret mellom kommunane, som kostnader til skyssordning
varigheita på avtalen
reglar for å tre ut av og avvikle samarbeidet, og
anna som etter lov krev avtale.
Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.

Ein elev kan i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første ledd, dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang.

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer