Grunna covid-19 er det lenge sidan vi har hatt noko aktivitet for medlemmane våre. No prøvar vi å invitere til ei hyggestund med bowling og pizza på
Førde bowling, 5.desember frå kl 13:00 – 15:00
og håpar at mange har lyst til å kome. På grunn av kostnad med leige av lokalet og bestilling av mat, må vi ha bindande påmelding innan 20.november.
Dersom nokon absolutt ikkje et pizza, kan eit alternativ vere at vi bestiller pommes frites, og dersom nokon har allergiar må vi ha beskjed om dette i påmeldinga.
Påmelding til styret på e-post: sognogfjordane@autismeforeningen.no
Så håpar vi at vi sjåast!
Helsing styret