Ekstraordinært årsmøte og juleavslutning, 22. november, kl.18.00 til 21.00.

Innkalling til ekstraordinært årsmøte og juleavslutning

Tid :  22. november 18.00-21.00

Stad : Let’s Eat, Førde

ÅRSMØTE :

Sak : medlemmane skal ta stilling til ei sak –

Det ordinære årsmøte bestemte at ein allereie frå årsmøte skulle skifte namn på fylkeslaget frå Sogn og Fjordane til Vestland.  Det er imidlertid komt eit krav frå Hordaland fylkeslag og  Sentralstyret i AiN om at dette vert gjordt om . dette jfr at skifte av fylkeslagets namn frå Sogn og Fjordane fylkeslag til Vestland fylkeslag ikkje er i tråd med § 1 i vedtektene for fylkeslag

Her er utdrag fra KKUs brev til sentralstyret og daglig leder (rød skrift):

Årsmøtet i Sogn og Fjordane fylkeslag har (truleg tidleg i 2019) vedteke å endre namn til Vestland fylkeslag.  Grunngjevinga for å endre namn til Vestland er ikkje kjent.  Vedtektene (elles) for fylkeslaget er ikkje opplyst endra. Eit bakteppe her er at Sogn og Fjordane fylke og Hordaland fylke frå 01.01.20 går saman i det nye Vestland fylke.  AiN Sentralstyret v/arbeids-utvalet ber om at vedtaket om namneendring blir oppheva og viser til vedtekter og høve til medverknad frå andre ei namneendring vil påverke; Hordaland fylkeslag og AiN sentralt. Hordaland fylkeslag ber om at vedtaket om namneendring blir oppheva, og viser til diskusjonsnotatet av 25.04.19, og til drøfting i leiarmøtet 2018 om verknadar av regionreformen.

 Vedtektene § 5.1. slår fast inndeling i fylkeslag.  Av § 1 framgår at fylkeslaga skal ha namn etter aktuelle fylke eller område.  KKU forstår dette slik at det skal vere eitt fylkeslag i kvart fylke, og namnet skal vere som fylket.  Utgangspunktet blir då at fylkeslaget for Sogn og Fjordane fylke etter vedtektene skal ha namnet Autismeforeningen i Norge, Sogn og Fjordane fylkeslag. 

Slik det framgår av diskusjonsnotatet av 25.04.19 ser Sentralstyret fleire alternativ til framtidig organisering og dermed fastsetjing av namn. Så langt er den overordna verknaden av regionreformen frå 01.01.20 at talet på fylke blir redusert ved samanslåingar og endringar av grenser.  Men det blir framleis kommunar, fylke og fylkeskommunar. Ingen ny regional administrativ eining er vedteke. 

Dermed er endringa som gjeld aktuelle spørsmål her at nokre av fylka blir vidareført, medan andre blir samanslegne til større fylke.  Fylka Sogn og Fjordane og Hordaland blir med nokre justeringar det nye Vestland fylke frå 01.01.20. For autismeforeininga er det eit mogleg alternativ at det blir eitt fylkeslag for heile det nye fylket; Autismeforeningen i Norge, Vestland fylkeslag, jf. alternativ 1-4 i diskusjonsnotatet 25.04.19. Det er også andre alternativ, m.a. at Sogn og Fjordane fylkeslag kan bli vidareført slik det er vist i alternativ 4, men då som Sogn og Fjordane lokallag. 

Dersom namnet skal vere Vestland fylkeslag må laget slik KKU ser det omfatte heile det nye fylket.  I så fall må dette bli resultat av ein prosess i samarbeid mellom og medverkad frå dei det gjeld: dei to gamle fylkeslaga og foreininga sentralt.

Aktuelle vedtak i årsmøtet i Sogn og Fjordane fylkeslag gjeld det geografiske området som pr. 2019 omfattar Sogn og Fjordane fylke.  Endring av namnet Autismeforeningen i Norge, Sogn og Fjordane fylkeslag til Autismeforeningen i Norge, Vestland fylkeslag er slik KKU ser det ikkje i samsvar med vedtektene § 1 om at det skal vere samsvar mellom namn fylkeslag og fylke.                               

Autismeforeningens kontroll- og klageutvalg (KKU)

Styret i Vestland fylkeslag skal på leiarsamling 8-10 november og styret har forventning om at det då vert beslutta kva organisasjonsform dei samanslegne fylka skal ha. Styret kjem derfor ikkje med noko tilråding på noverande tidspunkt men vil informere om utfallet av leiarmøte på det ekstraordinære årsmøte

SÅ – med det same det ekstraordinære årsmøte har teke si beslutning i saka – startar vi med den tradisjonelle juleavslutninga på same staden –

Vi reknar med at vi brukar ca 1 time på årsmøte så då blir det servering frå ca. klokka 1900 – 

Det vert ikkje LAN i samband med juleavslutninga i år – dette har vi utsett til januar/februar

På grunn av maten MÅ vi ha BINDANDE påmelding innen 15. november

Du kan sende mail til guk-sand@online.no og melde på

Det vert servert juletallerken / hamburger

Arr. er gratis for medlemmar – ikkje medlemmar kr 100            

VELKOMNE 😊

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer