Bokanmeldelse: Åstedet

Her kan du lese en bokanmeldelse av Jodi Picoults roman «Åstedet,» som handler om en politi-interessert ungdom med Asperger syndrom. Tusen takk til gjesteskribent Tove Obrestad Wøien for en flott bokanmeldelse. 
Boka kan kjøpes i nettbokhandel, men snakk gjerne med biblioteket i kommunen først. Hvis de ikke har boka, kan de likevel prøve å ordne fjernlån fra et annet bibliotek. 


Eg er bibliotekar, og les ein del, og no har eg nett drege med meg heim boka Åstedet av Jodi Picoult (Cappelen Damm 2011). Eg les ikkje «vaskeseddelen» (det som står på baksida av boka; ofte ei lita oppsummering av kva boka handlar om) lenger, så eg vart overraska då det viste seg at ein av hovudpersonane var ein gut, Jacob, på 18 år med Asperger syndrom. Boka er oppdelt i små kapittel, der overskrifta i kvart kapittel er namnet på den som er eg-person i dette kapittelet. Det vekslar mellom Jacob sjølv, mor hans, bror hans og andre personar som familien har med å gjere gjennom handlinga. Ein av dei tinga eg liker best ved boka, er nett det at eg-forteljaren skiftar. På det viset får vi Jacob sin versjon av ein situasjon (som eg tykkjer verkar truverdig) i eitt kapittel, før vi kanskje får mor hans sin versjon i det neste (også foreldrestemma verkar truverdig).
Jacob si særinteresse er politiet sitt arbeid når det har skjedd ei kriminell handling. Dette fører han nokre gonger inn i vanskelege situasjonar.
Forfattaren har gjort ein svært god research før ho skreiv, for boka er svært godt skriven, tykkjer eg. Eg finn gjenkjenning av fleire sortar, både av den såre sorten (når det gjeld tankar og val ein gjer som foreldre til eit barn med AS) og av meir aha-opplevings-messige sorten (sonen min er 14 år og har AS, og eg opplever at eg gjenkjenner nokre av Jacobs måtar å reagere og får ei forklaring på dei som eg ikkje har skjøna tidlegare).
Jacob har Asperger syndrom, men ikkje alle menneske med Asperger syndrom vil reagere på same måten som Jacob. (Har du møtt ein person med Asperger syndrom, så har du møtt EIN person med Asperger syndrom.) Til dømes har Jacob ein god del meir synleg tvang enn sonen min har. Likevel finn eg store likskapar. Sjølv har eg tenkt å anbefale boka til slekt og venner som kanskje ikkje har lese seg så mykje opp på diagnosen på førehand. Her får dei nemleg god forklaring på særtrekk ved Asperger syndrom, og i skjønnlitterær form, noko som kan vere enklare å forhalde seg til enn ein fagtekst. Men om du tenkjer å gjere det same – les for all del boka først sjølv!
Dette er ikkje nødvendigvis lysteleg lesnad. Eg vil ikkje skrive noko meir om innhaldet i boka, for eg liker ikkje sjølv å vite for mykje om ei bok før eg les henne, men dette er ikkje ei bok ein bør lese som AS-forelder om ein er nede i ein bølgedal der alt kjennest håplaust, trur eg. Fin lesing for dei optimistiske og håpefulle dagane.


Tips: I Tidskrift for den norske legeforening beskrives boka som «velskrevet og tankevekkende.» Les bokanmeldelsen her.

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer