ViMo: Videomodellering av sosiale ferdigheiter

Helse Fonna har med midler fra Extrastiftelsen og Autismeforeningen som søkerorganisasjon produsert videomodelleringsfilmar som skildrar spesifikke sosiale ferdigheiter, og utvikla eit design på «ViMo» App/programvare for sosial ferdigheitstrening. 

Bakgrunnen for prosjektet var å lage material til bruk i innlæring av sosial ferdigheiter for barn og unge med autismespekterforstyrring. Målet med prosjektet er å styrke læringsmoglegheitene for barn og unge med autismespekterforstyrring i høve sosiale ferdigheiter,  og gjer tilgjengeleg material på norsk til bruk i opplæringa.

I prosjektperioden har vi produsert

I det vidare arbeidet vil vi halde fram med fase 2 for å realisere «ViMo». Fase 2 er godt i gang, og vi har inngått ein pliktande avtale om anskaffing dersom prototype blir levert  innanfor kravspesifikasjon.

«ViMo» har som mål å bli eit komplett sosial ferdigheitstreningsprogram som skal innehalde metode, teknikkar og material. Målet er at alle kan arbeide sjølvstendig med produktet og lage strukturerte sosiale program.

Manus og sosiale program er henta frå «social skills training»-manualen til Jed Baker.

Tidligare videoar vi har laga ligger her: https://www.youtube.com/playlist?list=PLAABXhXaSTKgmFfa4WWWo3O2vDLnSePp0

 

Verktøykasse for tillitsvalgte

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer