Årsmøtet 2008

Alle har rett til vidaregåande skule. Men ikkje alle kan bu på hybel eller heime. Hvilke val vert vi då stilt ovafor. Ein interpellasjon frå ein av medlemmane fekk full støtte og ein resolusjon er sendt Utdanningsutvalget:

 

Møre og Romsdal fylke
Utdanningsutvalet
Julsundvegen 9
6404 Molde

TILBODET TIL ELEVAR I VG SKOLE SOM TRENG BU- OG ARBEIDSTRENING

Samla til Årsmøte i Ålesund 29.03.08 slutta Autismeforeningen Møre og Romsdal fylkeslag seg til slikt framlegg til resolusjon til Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylke:

”Autismeforeningen Møre og Romsdal fylkeslag meiner at dei som treng og har rett til utdanning på særskilt grunnlag i vidaregåande skole ikkje alltid har det tilbodet som er nødvendig. Vi viser særskilt til dei som treng bu- og arbeidstrening. Det er ofte vanskeleg å få til eit opplegg som fungerer når fylket skal stå for utdanningstilbodet, medan heimkommunen skal stå for resten av det offentlege tenestetibodet.

Vi er kjende med at fylket kjøper plassar ved den interkommunale Tøndergård skole i Molde, som då står både for utdanning og bu-/arbeidstrening for elevane. Dette synest å fungere godt. Vi meiner derfor at det burde vore tilsvarande bufellesskap i tilknyting til nokre av dei vidaregående skolane rundt om i fylket, som då kunne gje eit samordna og heilskapeleg tilbod til dei aktuelle elevane, utan at foreldre/nærpersonar må medverke til samordning av offentlege tilbod på fylkes- og kommunalt nivå.

På denne måten kunne åra i vidaregåande opplæring gje dei aktuelle elevane eit langt betre utgangspunkt for å ha eit best mogleg liv med minst mogleg bruk av dyre offentlege tenestetilbod. Som kjent skal desse elevane gjerne i eigne husvære og dessutan ha tilgang til arbeid eller aktivitet. Det er heimkommunen som har livslangt ansvar for dette, men vi meiner altså at fylket burde hatt dette ansvaret dei åra ungdomane er i vidaregåande opplæring.

Å få til ei teknisk økonomisk ordning utan meirkostnader for nokon der aktuell statstilskot mv følgjer elevane inn i og ut av vidaregåande skole reknar vi ved må vere råd å få til i 2008.

Vi ser dette som eit felt der einskapsfylket kan ha eit potensiale for suksess som prøvefylke.”

Med helsing
AUTISMEFORENINGEN MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG
Ståle Tangen
leiar

 

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer