Årsmøteseminar på Thon Hotel i Kristiansund 28. februar til 1. mars 2015

Last ned invitasjon årsmøteseminar 2015

OBS ! UTVIDA FRIST FOR PÅMELDING TIL 12.FEBRUAR
(P.g.a for lite påmeldinger) SPRE BUDSKAPET KJÆRE VENNER

Påmelding seminar Kristiansund 28. februar og 1. mars.
All påmelding via mail til autisme.mr@gmail.com,

Styret i AiN Møre og Romsdal fylkeslag har den store glede å kunne invitere våre medlemmer til årsmøteseminar på Thon Hotel i Kristiansund 28. februar til 1. mars 2015. Gjennomgangstema denne gongen vert:

ASD og skulelivet – tilrettelegging og motivasjon

Foredragshalderane denne gongen vert Arne Bjørdal frå spesialistbedrifta ved Borgund Videregående skole i Ålesund og Torill Fjæran-Granum frå Spiss Kompetansesenter.

Torill har sitt daglige virke på Spiss og sit inne med ei autismekompetanse utanom det vanlege. Vi har hatt den glede av å kunne nyttegjere oss hennar lange fartstid og kunnskap på tidlegare seminar, med veldig positive tilbakemeldingar.

Arne Bjørdal brenn for den nystarta bedrifta, og har førstehandskunnskap om kor spennande mange sine særinteresser og spesielle talent innan ASD-befolkninga kan vere. Ein tidlegare elev gav grobotn til den spiren som i dag utgjer bedrifta.

Program:

Laurdag 28. februar 2015

10.00 – 10.45: ankomst og registrering

10.45 –11.00: Opning av seminaret, ved leiar Roger L. Rishaug

11.00 – 12.00: Arne Bjørdal fortel og presenterer spesialistbedrifta

12.15 – 13.00: Torill Fjæran-Granum – del 1

13.15 – 14.00: Torill Fjæran-Granum – del 1 fortsetter

14.00 – 14.45: lunsj

14.45 – 15.30: Torill Fjæran-Granum del 2

15.45 – 16.30: Torill Fjæran-Granum del 2 fortsetter

16.45 – 17.00: inndeling i nærgrupper

17.00 – 18.00: summing og arbeid i nærgruppene

19.00 – > : middag, med mykje likepersonsarbeid etterpå.

Søndag 01. mars 2015

09.30 – 10.15: Torill Fjæran-Granum del 3

10.30 – 11.15: Torill Fjæran-Granum del 3 fortsetter

11.30 – 14.00: Årsmøte AiN MR (sjå eiga innkalling)

14.00 -> lunsj og avreise

 

Påmelding seminar Kristiansund 28. februar og 1. mars.
All påmelding via mail til autisme.mr@gmail.com, innan 1. februar, og prinsippet om først til mølla gjeld.
Påmeldinga må innehalde
– namn og adresse
– telefonnr
– mailadresse
– medlemsstatus
– pårørande eller diagnosebærar, alder på diagnosebærar (grunna gruppearbeid)

  • Eigenandelen pr medlem(person) på kr 500 innbetalt til konto 3980.40.30224, merk med namn og seminar 2015.

    Dagpakke pr medlem(også kr 500)merkes med navn og dagpakke lørdag eller søndag.

Dersom de skulle ønskje å bestille tilknytningsdøgn (dvs fredag til laurdag) må de sjølve ordne det med hotellet. Vi ber om at kvar enkelt melder frå om eventuelle spesielle behov til hotellet, tlf. 715 73000.

Påmeldingsfrist 1.februar. Bindande påmelding!

Ved for sein kanselering vert det krevd full betaling. Dette grunna refusjonsreglane til hotellet.

MVH

styret

Logg inn

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer