Årsmøteprotokoll 2012
Årsmøte 2012 Tremek Vestnes, laurdag 03.03.2012 kl 1200
Det var 15 frammøtte.
Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader.
Sak 2 Val av møteleiar og dirigent
Som møteleiar vart vald Jostein Dalen
Som referent vart vald Ståle Tangen
Sak 3 Årsmelding 2011
Årsmelding 2011 var lagt ut på heimesida, og vart gjennomgått i møtet. Nokre punkt vart utdjupa og kommentert. Årsmeldinga vart deretter godkjent og lagd ved protokollen.
Sak 4 Revidert rekneskap 2011
Kasserar gjekk gjennom rekneskapen. Melding frå revisor med tilråding om godkjenning av rekneskapen vart omdelt og opplesen. Deretter vart rekneskap 2011 godkjent og lagt ved protokollen saman med revisjonsmeldinga.
Sak 5 Handlingsplan og budsjett 2011
Styret sitt framlegg til budsjett 2012 vart framlagt med ei utgift på kr 97200 og ei inntekt på kr 80000. Eigenkapitalen vil etter dette bli om lag 50000 kr ved utgangen av 2012. Budsjettframlegget vart deretter drøfta og vedteke.
Aktuelle tiltak/aktivitet 2012:
Årsmøte med fagseminar
Foreldresamling/helg
Foreldregrupper
Brukarrepresentasjon
Utvikling og gjennomføring av tilbod i samarbeid med Helseforetak
Likemannsarbeid
Deltaking på landsmøte og leiarmøte
Liste og aktuelle tiltak vart tekne til vitande.
Sak 6 Innkomne saker
Ingen innkomne saker.
Sak 7 Val
Valkomiteen presenterte kva funksjonar som er på val, og sine framlegg.
Deretter vart det halde val, med slike resultat:
Leiar: Helga Iren Kvien, Volda, for 1 år til 2013.
Nestleiar: Roger Rishaug, Vestnes, for 1 år til 2013 (er ikkje på val som styremedlem til 2013)
Kasserar: Ståle Tangen, Molde, for 2 år, til 2014
Styremedlem: Bjarne Brunsvik, Kristiansund, ikkje på val, tidl. vald til 2013
Styremedlem:
Valkomiteen gjorde framlegg om attval av Arne Solbakken, Kristiansund, for 2 år, til 2014.
Helga Iren Kvien gjorde framlegg om Gudbjørg Eiriksdottir, Ørsta, for 2 år, til 2014.
Valkomiteen trekte sitt framlegg.
Gudbjørg Eiriksdottir vart deretter vald.
1.varamedlem og heimesideredaktør: Jostein Dalen, Stranda, for 1 år til 2013
2.varamedlem: Hans Chr Flor, Molde, for 1 år til 2013
Revisor:
Hans Erik Stueflotten, Sykkylven, for 1 år til 2013
Valkomite:
Laila Hauknes, Kristiansund, for 1 år, til 2013 (leiar)
Arne Solbakken, Kristiansund, for 2 år, til 2014
Inger Sandvik, Ålesund, for 3 år, til 2015
Etter årsmøtet var det først orientering om Tremek og omvisning i verksemda v/Roger. Deretter var det fagseminar med tema Asperger/høgtfungerande og arbeid/aktivitet v/Bjarne Jullum, Aspergerbedriftene, Drammen.
Protokollen blir lagt ut på heimesida.
Vestnes, 03.03.2012
Ståle Tangen
referent