
Det vert hybrid årsmøte i Autismeforeningen Sogn og Fjordane Lokallag onsdag 26.mars kl 18:00 – 21:00 på møterom ved Skei Servicesenter (Circle K). Dei som ikkje kan møte opp fysisk kan delta via Teams (hugs påmelding så du får tilsendt møtelenke).
Det vert vanlege årsmøtesaker i henhold til vedtekter for lokallag i AiN kapittel II, § 8. I henhold til § 6 skal saker som medlemmer ynskjer handsama på årsmøtet vere styret i hende innan 6 veker før årsmøtet. Styret treng ikkje så lang tid, men må ha sakene innsendt til styret før styremøtet vårt den 8.mars.
Anten du vel å møte fysisk eller digitalt, er det fint om vi får påmelding, sånn at vi kan berekne servering eller få ordna med utsending av lenke til pålogging. Påmelding innan 21.mars.
Rekneskap for 2024, årsmelding for 2024 og sakliste til årsmøtet med innstilling til val vil vere tilgjengelege etter 8.mars.
Lokallaget har hatt ei positiv utvikling i det siste og vi aukar både medlemstalet og aktiviteten. Men skal vi klare å halde oppe aktivitetsnivået er vi avhengig av medlemmer som stiller opp og er med på å drive aktivitetane. Difor er vi stadig på jakt etter nye likepersonar. Kurs som likeperson kan takast som nettbasert kurs.
Ved spørsmål, ta kontakt med styreleiar på tlf 913 11 107 eller på e-post til sognogfjordane@autismeforeningen.no
Styret