Årsmøte 2023

Årsmøtet vert halde på Førde Bowling, Halbrendsøyra 2, Førde, sundag den 26.februar frå kl. 15-17.

I samband med årsmøtet inviterer vi først til ein runde med bowling for dei som ynskjer det, deretter vert det pizza og årsmøte.

Årsmøtet skal behandle vanlege årsmøtesaker etter vedtektene for lokallag i AiN §§ 8 og 9:

  • Konstituering:
    • Valg av referent
    • Valg av 2 stemmeberettiga til å underskrive møteboka
    • Godkjenning av innkalling
    • Godkjenning av sakliste og dagsorden
  • Sakshandsaming:
    • Årsmelding for 2022
    • Rekneskap for 2022
    • Revisors beretning
    • Budsjett for 2023
    • Aktivitetsplan for 2023
    • Val

Saker om medlemmar ynskjer handsama på årsmøtet må vere innkomne til styret innan ei veke før årsmøtet. Det vil seie at sakene må vere innkomne innan 19. februar. 

I samband med val treng vi fleire medlemmar som kan tenkje seg å gå inn i styret og valnemnda. Vi ynskjer oss tillitsvalde frå heile Sogn og Fjordane, slik at vi kan klare å gi eit aktivitetstilbod til alle våre medlemmar. Om du er interessert, ta kontakt med oss på e-post sognogfjordane@autismeforeningen.no

Alle med gyldig medlemskap og bustadadresse i Sogn og Fjordane har stemmerett på årsmøtet. For å ha stemmerett må kontingenten for 2021 vere betalt.

i samband med årsmøtet vert det servert mat i Førde Bowling sine lokale. Sjå menyen på pizzabowling.no

Eigenbetaling for både bowling og pizza: Familiepris kr 50,-

Påmelding til årsmøtet og bowlingen til sognogfjordane@autismeforeningen.no innan 24.02.2023. Vi må få beskjed om kva mat de ynskjer og eventuelle allergiar.

Styret i AiN Sogn og Fjordane Lokallag

 

 

 

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer