ÅRSMELDING 2011
1. Organisatoriske forhold
I løpet av året har medlemstalet auka frå 180 til 217
Medlemmene er fordelt slik: 2010 2011
Abonnentar 16 32
Enkeltmedlemskap (asperger): 56 63
Enkeltmedlemskap (autisme): 54 59
Fagpersoner: 14 13
Familiemedlemskap: 31 42
Husstandsmedlemskap: 7 6
Val 2011:
Valperiode
Leiar: Jostein Dalen 2011 Stranda
Nestleiar/kasserar: Ståle Tangen, 2010-2011 Molde
Styremedlem: Arne Solbakken, 2010-2011 Kristiansund
Styremedlem: Roger Rishaug 2011-2012 Vestnes
Styremedlem: Bjarne Brunsvik 2011-2012 Kristiansund
1. vara medlem: Nina Rossvoll 2011 Smøla
2. vara medlem: Hans Chr Flor 2011 Molde
3. vara medlem Helga Iren Kvien 2011 Volda
4. vara medlem Marianne Frisvold 2011 Kristiansund
Revisor: Joar Indergård 2011 Gjemnes
Valkomité:
Gudbjørg Eiriksdottir 2011 Ørsta
Laila Hauknes 2011 Kristiansund
Styremøte: 4 møte.
Årsmøte :
Årsmøtet var på Vikanes Havhotell, Frei, Kristiansund, laurdag 5. mars kl 1200.
I tillegg til ordinære årsmøtesaker hadde vi besøk av Steinar Waksvik frå FFO.
Det faglege innslag etter middag gjaldt persepsjonsvanskar og var representert av overlege Kari Eilefsen(vaksenhab HS). 28 deltok.
Representasjon:
Leiarmøte: På leiarmøte i Oslo 19.-21.11.2010 deltok Helga Iren Kvien og Ståle Tangen.
2. Mål og prioritering
Arbeidet i 2010 var prega av interessepolitisk arbeid mot spesialisthelsetenesten for å vinne større forståing for behovet for varige tiltak både for diagnosebærere og nærpersonar. Vi legg vekt på at tilboda bør pregas av eit mangfald av dynamiske behov for trivielle tilbod, meir enn hightech medisin. Det er både nødvendig og mest ressurseffektivt å støtte andre sitt arrangement, enn sjølv å stå for arrangement.
Vi ønskjer at helseføretaka skal tilby våre grupper nødvendige tenester, spesielt innafor området læring og meistring. Dette gjeld primært brukarar og nærpersonar, men også aktuelle tenesteytarar i kommunane.
Tanken er at betre bistand til å meistre krevjande liv førebygg redusert livskvalitet bl.a. ved å førebygge psykiske lidingar, samt at vi blir betre i stand til å samhandle med kommunen om skule, aktivitets- og bo tilbod som kommunen har ansvaret for.
Medlemsretta arbeid er knytt til foreldregrupper, årsmøtearrangement , samt til ikkje registert likemannsarbeid ved e-post og telefon.
3. Samarbeidsprosjekter
3.1. Samarbeid Helse Midt-Norge
Kompetansenettverket for bl.a. autisme framsto våren 2010 som meir etablert. Det har vært nettverkssamlingar der Ståle Tangen har delteke som brukarrepresentant 21.04.2010 og 12.05.2010. Det var også ei samling 20.01.2010. I 2. halvår har det vore stille, og etter kvart kom rykte om at nettverket i si noverande form (4 helseregioner) ville bli erstatta av i en landsdekkjade organisasjon. Men vi veit ikkje noko om dette. Det er heller ikkje lett å finne relevant informasjon på aktuelle nettsider. Det kan vere at det er forutsett informasjon gjennom Autismeforeningen, som ikkje har nådd oss.
3.2. Samarbeid Helse Nordmøre og Romsdal
Vi har vore med på planlegging og gjennomføring av opplæring for foreldre/føresette til barn med Asperger syndrom/autismespektervansker 19.04. og 09.11.2010 i Kristiansund. Ca. 20 deltakarar kvar gong.
Vi har også medverka ved planlegging av opplæringstiltak for 8-12 åringar med Asperger syndrom, kursrekke med seks samlingar hausten 2010 i Kristiansund.
Disse to tiltaka alternerer mellom Molde og Kristiansund.
Vi deltok elles med innlegg og stand ved konferanse for fagfolk og foreldre på Caroline, Kristiansund, 11.11.2010 der temaet av jenter og autisme.
3.3. Samarbeid Helse Sunnmøre
Jostein har presentert foreininga på ei foreldresamling på BUP.
3.4. Familiesenteret for Downs syndrom og autisme
Liten aktivitet siste året..
4. Foreiningsaktiviteter/-saker
4.1. Brukarmedverknad
HS har hatt eit prosjekt som dreier seg om pasientforløp. Målet har vore å få til eit effektivt og godt tilbod frå personen med mistanke om autisme er innmeldt til han er diagnostisert og har fått utarbeidd individuell plan. Samarbeidet mellom BUP og barnehabiliteringa har vore eit viktig tema.
Jostein har vore brukarrepresentant
4.2. Likemannsarbeid
4.2.1. Foreldregrupper Nordre Sunnmøre.
Det vart starta opp ei foreldregruppe på LMS Ålesund med 2-3 møter på vårparten. Dette har dessverre ikkje vorte følgd opp i haust.
4.2.2. Foreldregruppe Søre Sunnmøre
Gudbjørg og Helga Iren har ansvaret for foreldregruppa som er lokalisert i Volda. Har vore litt variabel aktivitet i 2011, men har hatt jamlege møte. Oppmøte har variert og gruppa er no inne i ei fornyingsfase.
4.2.3. Foreldregruppe Vestnes 2010 ,
Foreldregruppa i Vestnes er eit samarbeid mellom Autismeforeningen og ADHD-foreininga. Gruppa har faste tema med både foredragshaldarar og omvisingar. Aktiviteten i 2011 har gått litt ned frå 2010. Dette gjeld både antal møter og oppmøte.
Roger Rishaug er ansvarleg for denne gruppa.
4.2.4 Anna likemannsarbeid.
I all hovudsak telefon- og epost-kontakt.
4.3. Foreldresamling Ulsteinvik 15.-16. oktober
Etter mal frå seminaret i Hustadvika 2010 kjørte vi same opplegg i Ulsteinvik i haust.
Det var stor interesse for seminaret. Det deltok 45 personar – både foreldre og personar med diagnose. Individuell plan var laurdagens tema. Mange har ikkje fått utarbeidd slike planar – og for dei som har det har erfaringane vore så forskjellige.
Ståle Tangen, nestleiar i foreininga, gjekk inn på dei mange utfordringane det inneber å ha ein person med autisme i familien – og viktigheita av å ha gode planar for dei tiltak som bør settast inn.
Tangen kom også inn på dei mange støtteordningane vi må sette oss inn i og bruke. Det er mykje lovverk å ta omsyn til – og ofte må vi sjølve passe på våre rettigheiter. Ofte må vi anke saker opp over i systemet – før vi evt oppnår det vi har krav på. (Begge tema ligg som vedlegg).
Helen Brendeløkken, verksemdsleiar i Vestnes kommune, presenterte SamPro. Dette er ein nettbasert utgåve av den individuelle planen. Planen er godt innarbeidd i Vestnes – og både brukarar og kommune er svært nøgd med hjelpemiddelet.
Laurdagskvelden med utmerket mat og mykje god prat vart sjølvsagt eit høgdepunkt.
Der var mange ”nye” foreldre – praten gjekk lett – og det utspann seg mykje likemannsarbeid.
Kari Eilefsen føredrog om persepsjonsvanskar på søndag føremiddag.
4.4. Sommarseminar 2011
Søkning/fordeling av dette tilbodet er no overtatt av foreininga sentralt, og er ikkje lenger noko fylkeslaget arbeider med.
4.5. Årsmøteseminar 20.03.2010
I samband med årsmøtet vart det etter middag halde eit foredrag om persepsjonsvanskar.
Kari Eilefsen, overlege ved habiliteringstenesten i Ålesund, føredrog.
Eit viktig tema for at vi skal forstå.
4.6. Andre saker
- Botrening i vidaregåande skule, tatt opp med FFO.
- Tannbehandling, narkose og funksjonshemning, tatt opp med FFO
- Vi har i løpet av året vorte registrert i Brønnøysundregistra med eige organisasjonsnummer. Vi er også knytt opp mot grasrotordninga.
Autismeforeningen Møre og Romsdal fylkeslag
Styret 2011