Pårørande-/nærpersontreff

01. nov 2023
Utløpt!
18:00 - 20:00
Førde Gjestehus og Camping

Kronborgvegen 44

Velkomen til pårørandetreff/nærpersontreff! Dette er eit treff for personar som har ein nær relasjon til ein person med ein autismespekterdiagnose, anten ein er forelder/føresett, nær ven eller partnar. Treffet er ope både for medlemmar og ikkje-medlemmar, men føreset at ein står nær nokon med ein autismespekterdiagnose. Pårørande/nærpersontreffet skal vere eit lågterskeltibod der det skal vere mogeleg å stille spørsmål og få råd rundt hjelpetilbod og stategiar i møte med ein person på spekteret. Her skal ein kunne møte personar i same situasjon, få eit nettverk og møte forståing. På desse treffa er det alltid ein likeperson frå Autismeforeningen til stades og leiar møtet. Vi vil vere open for ulike problemstillingar, men vi veit at det kan vere ulike spørsmål alt etter kva alder den som er på spekteret har. Difor tenkjer vi at vi vil ta opp eit bestemt tema i første delen av treffet og opne for andre spørsmål på slutten. På slutten vil vi også høyre kva tema de ynskjer for slike treff seinare, slik at vi kan planlegge m.a. for treff i 2024. Denne første gongen tenkjer vi å snakke om stønader frå NAV og kommunal hjelp. Vi vil ha litt lett servering, difor er det fint om de kan sende oss melding om kven som kjem.

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer