Aktivitetskveld og juleavslutning i Sunnfjordparken

Velkomen til aktivitetskveld og juleavslutning i Sunnfjordparken sundag 26.november frå klokka 17:00 – 20:00!

Dette er ein kveld for personar med autismespekterdiagnose og pårørande/nærpersonar. Søsken kan også vere med. Vi startar med  litt mat frå klokka 17:00, deretter vert det leik og aktivitet frå klokka 18:00.Vi har teke utgangspunkt i ein to-timars kombibillett, slik at det vert høve til å vere både i trampolineparken og leikeland. NB! det er påbåde med sklisokkar, så dei som har vore i Sunnfjordparken og har sklisokkar frå før, tek dei med. Andre kan kjøpe sklisokkar sjølve til kr 39,- pr stk. 

Det vil vere andre gjestar i parken mellom klokka 17:00 og 18:00, men vi har då tilbod om å spise i 2.etasje, litt skjerma frå andre gjestar. Etter klokka 18:00 har vi heile parken for oss sjølv og kan slå av lyd/lys og ta omsyn til behov for tilrettelegging. Sunnfjordparken har diverse smårettar, sjå menyen her: https://b.sunnpark.no/products/7?id2=2637 Det er også høve til å få wraps eller pizza. Sidan det tek lenger tid å tilberede pizza, må Sunnfjordparken lage og ha desse klar til vi kjem. Vi må difor sende inn bestilling på dette i forkant. Ynskje om pizza  og type kan de merke av i feltet for tilrettelegging ved påmelding. 

Prisar:

Medlem i Autismeforeningen kr 50,- pr stk

Ikkje medlem kr 100,- pr stk 

Familiar ikkje medlem, meir enn 4 personar, kr 400,-  

Vi må ha påmelding innan 20.11. for å kunne melde attende til Sunnfjordparken kor mange som kjem.

Påmelding via denne lenken: https://www.deltager.no/event/Aktivitetskveld_og_juleavslutning_i_sunnfjordparken_26112023#init (kopier denne inn i nettlesaren din)

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer