Aktivitetskveld for barn og unge med autismespekterdiagnose

Sundag 1.desember 2024 frå klokka 17:00 – 20:00 arrangerer vi tilrettelagt aktivitetskveld for barn og unge i Sunnfjordparken i Førde. 

Velkomen til aktivitetskveld og juleavslutning i Sunnfjordparken sundag 1.desember frå klokka 17:00 – 20:00!

Dette er ein kveld for personar med autismespekterdiagnose og pårørande/nærpersonar. Søsken kan også vere med. Vi startar med  litt mat frå klokka 17:00, deretter vert det leik og aktivitet frå klokka 18:00.Vi har teke utgangspunkt i ein to-timars kombibillett, slik at det vert høve til å vere både i trampolineparken og leikeland. NB! det er påbåde med sklisokkar, så dei som har vore i Sunnfjordparken og har sklisokkar frå før, tek dei med. Andre kan kjøpe sklisokkar sjølve til krundt kr 40 pr stk. 

Det vil vere andre gjestar i parken mellom klokka 17:00 og 18:00, men vi har då tilbod om å spise i 2.etasje, litt skjerma frå andre gjestar. Etter klokka 18:00 har vi heile parken for oss sjølv og kan slå av lyd/lys og ta omsyn til behov for tilrettelegging. Sunnfjordparken har diverse smårettar, sjå menyen her:https://sunnfjordparken.no/mat-og-meny/

Det er også høve til å få wraps eller pizza. Sidan det tek lenger tid å tilberede pizza, må Sunnfjordparken lage og ha desse klar til vi kjem. Vi må difor sende inn bestilling på dette i forkant. Ynskje om pizza og type må de gi beskjed om ved påmelding. 

Prisar:

Medlem i Autismeforeningen kr 50,- pr stk

Ikkje medlem kr 100,- pr stk 

Familiar ikkje medlem, meir enn 4 personar, kr 400,-  

Vi må ha påmelding innan 27.11. for å kunne melde attende til Sunnfjordparken kor mange som kjem.

Påmelding til: sognogfjordane@autismeforeningen.no

 

 

 

 

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer