Den 16. oktober hadde me aktivitetsdag på Gaular skyttarlag si bane på Sande. 21 medlemmer og familiemedlemmer hadde møtt opp. Pizza og lappane gjekk ned på høgkant mellom skytingane.
Først fekk dei dei yngste prøve seg. Nokre var litt skeptiske i byrjinga, men etter litt prøvinga ville alle skyte fleire gonger. Etterpå fekk den litt eldre garden prøve seg også. Det verkar som alle storkosa seg og ynskte at dette måtte gjentakast på ei seinare tidspunkt og.
Tusen takk til Gaular skyttarlag for lånet av bane og skyteutstyr!! I tillegg vil vi takke dei 3 sporty instruktørane – Sunniva Mydland, Reidun Kristin Knapstad og Margunn Bakke! Me vil også retta ein stor takk til forpleiingsjefen, Mariann Kristansen for god mat.