Aktivitetar våren 2018

Her er aktivitetane som er planlagt våren 2018 for våre medlemmer og familiane deira.

Håpar at det er aktivitetar som kan fenge flest mogeleg.

 

21.04.2018                         Riding på Mo jordbrukskule, frå kl.12 og utover.

Vi får tre hestar (og der ein av dei har vogn) slik at dei som ikkje tør å sitje på hesten kan få

sitje på. Desse tre hestane er rolege og barnevenlege hestar. Etterpå kan dei som vil sjå

stallen få gjere det – eventuelt vere med å stelle hestane. Men dette må vi sjå an den dagen.

Me kjem til å lage til bålpanne og noko å grille på den. Ta med grillspyd viss du har og                                                  drikke (varmt/kaldt). Me kjøper inn litt å bite i. Viss du ikkje likar grilla mat så må du ta                                                      med niste. Det kan og vere lurt å ha noko å sitje på. Kle etter været. Aktiviteten er for heile                                                  familien – store som små.

Her treng vi ei lita oversikt over kor mange som kjem / kan tenje seg å kome sidan vi skal                                                     handle inn og avtale antal hjelparar. Ber derfor om tilbakemelding snarast kor mange                                                       som kjem og kor mange som vil ri / køyre. Bruk denne e-postadressa over.

 

06.05.2018                       Planlagt Gocart køyring i Kråkenesmarka.

Eigenandel på 100,- for dei som vil køyre gocart. Vi har og ein gocart som er twin (dvs plass til to) – ein som køyrer og ein som sit på. Per dagsdato er der rikeleg med snø der, men vi håpar at dette går. Meir informasjon om                    dette kjem   seinare.

 

27.05.2018                         Skyting på Sande , (ute), klokka 13.00 og utover.

Same opplegget som i fjor. Hugs å ta med varme klede.

 

Er det noko som de lurer på så ta kontakt.

På vegne av styret AIN Sogn og Fjordane vil eg ynskje alle velkommen!

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer