Verdens Autismedag 2025

2.april er verdens autismedag:

Sidan FNs generalforsamling etablerte 2.april som verdens autismedag i 2007, har FN arbeidd for å fremje full realisering av menneskerettane og grunnleggjande fridom for autistiske individ, og å sikre lik deltaking i samfunnet. Sidan den gang har det blitt gjort store framsteg, i stor grad driven fram av autistiske talspersonar som har jobba utretteleg med å få fram livserfaringane til autistiske individ i fremste rekkje av globale diskusjonar.

Resolusjonen frå FNs genralforsamling i 2007 (A/RES/62/139) sette søkjelyset på behovet for å løfte den offentlege merksemda rundt autisme. I dag, meir enn 17 år seinare, har den globale rørsla endra seg frå merksemd til aktivt å fremje aksept, verdsetjing og inkludering, og å anerkjenne dei bidraga autistiske menneske gjer i sammfunnet og verda som heilskap.

I 2025 er tema for verdens autismedag «Å fremme nevromangfald og FNs bærekraftsmål», og set søkelyset på kryssinga mellom nevromangfald og globale forsøk på bærekraft. Det syner korleis rutinar og praksis for inkludering kan drive fram positive endringar for autistiske individ verda over og bidra til å oppnå FNs bærekraftsmål. Ved å samle ekspertar, beslutningstakarar og autistiske stemmer, vil FNs arrangement i år bestå av hovedtalere, paneldiskusjonar og interaktive sesjonar, med søkelys på område som inkluderande helsetenester, utdanning, arbeid og byutvikling. Årets diskusjon utforskar nevromangfaldets rolle i å forme politikk som fremjar tilgjenge, likskap og innovasjon på tvers av fleire sektorar. Diskusjonen fokuserer på inkluderande helsetenester, kvalitet i utdanning, tilgjenge på arbeidsplassen, redusere ulikskap og å skape autismevennlege byar og samfunn.

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer