I Kristiansund er ei omfattande satsing i regi av kommunen, der målgruppene er utsette barn, unge og deira familiar. Møreforsking er inne som samarbeidspartnar. Ei målsetjing er å gjennomføre eit langsiktig arbeid som kan bryte mekanismer som produserer og reproduserer helse- og sosiale problem. Det er eit lokalsamfunnsprosjekt som skal utvikle både organisatoriske forhold og tenestetilbod. Tiltaket er organisert med ei prosjektgruppe der Fylkeslaget er med v/Ståle Tangen som brukarrepresentant.»