Årsmøte 2010 referat

 

Baronen hotell, Spjelkavik, Ålesund, lørdag 20.03.2010 kl 1200

PROTOKOLL

Det var 17 frammøtte medlemmer.

 

Sak 1   Godkjenning av innkalling og sakliste

Innkalling og sakliste vart godkjend utan merknader.

 

Sak 2   Val av møteleiar og referent

Som møteleiar vart vald Jostein Dalen og som referent vart vald Ståle Tangen.

 

Sak 3   Årsmelding 2009

Årsmelding 2009 var utlagt på heimesida, og vart opplesen i møtet.  Nokre punkt vart utdjupa og kommentert.  Årsmeldinga vart deretter godkjend og vedlagd protokollen.

 

Sak 4  Revidert rekneskap 2009

Kasserer gjekk gjennom rekneskapen.  Melding frå revisor 17.03.2010 med tilråding om godkjenning av rekneskapen var omdelt og vart opplesen. Nokre punkt vart utdjupa og kommentert.  Rekneskapen vart deretter godkjend og vedlagd protokollen saman med revisjonsmeldinga.

 

Sak 5   Budsjett 2010

Framlegg til budsjett og aktivitet vart drøftet, deretter vart framlegg til godkjent.

 

Sak 6 Nye standardvedtekter for fylkeslag.

 

 

Leiar ga ei orientering om framlegget til landsmøtet 2010.  Det kom ikkje fram innvendingar til framlegget til nye standardvedtekter. 

 

Sak 6 Langtidsprogrammet for Autismeforeningen i Norge fram til 2014

Leiar ga ei orientering om langtidsprogrammet.

 

Sak 7 Val

Valkomitéen presenterte kva funksjonar om var på val, og sine framlegg.

Deretter vart vala gjennomført med følgjande resultat:

 

Leiar:                          Jostein Dalen, vald for 1 år (til 2011)                        (Stranda)

Nestleiar/kasserar:      Ståle Tangen, vald for 2 år, til 2012                           (Molde)

Styremedlem:             Gudbjørg Eiriksdottir, ikkje på val (vald til 2011)    (Ørsta)

Styremedlem:             Trude Johnsen

, ikkje på val (vald til 2011)                (Tingvoll)                               

Styremedlem:             Arne Solbakken, vald for 2 år, til 2012                     (Kristiansund)

  1. varamedlem:   Roger Rishaug, vald for 1 år (til 2011)                      (Vestnes)
  2. varamedlem:   Bjarne Brunsvik, vald for 1 år (til 2011)                   (Kristiansund)

 

                                                          

Revisor: Joar Indergård, vald for 1 år (Gjemnes)

 

Valkomité:

Helga Iren Kvien,  vald for 1 år  (kommune?)

Hans Christian Floor, vald for 1 år (Molde)

 

Molde, 21.03.2010

 

Ståle Tangen, referent

 

 

Etter årsmøtet var det lunsj og deretter var det foredrag om søskenproblematikk ved spesialpedagog Eli Marte Rusten, Oslo. Det var 20 til stades ved foredraget.

 

For lokallag

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer