1. Bakgrunn
Autismeknutepunkta skal erstattast av regionale fagmiljø for autisme knytt til helseføretaka. Helse Midt-Norge RHF har difor utarbeida ”Plan for kompetanseoppbygging i spesialisthelsetenesten i Helse Midt-Norge omkring mennesker med autismespekterlidelser(ASD)”.
Helse Nord-Trøndelag HF har leia planprosessen i regionen.
I denne planen har Helse Sunnmøre fått i oppdrag:
”Helse Sunnmøre HF bes om å ta ansvar for å utarbeide standardiserte opplæringstilbud og søker tilskudd frå HMN RHF.”
Denne søknaden bygg på denne planen.
2. Prosjektbeskrivelse
Overgangane i livet er ofte knytt til institusjonar og forventningar om kva et barn skal meistre. For barn med autisme er utfordringane store og dramatiske. For dei pårørande krev desse overgangane at ein skal møte nye folk, nye forventningar og nye utfordingar. Det er difor naturlig at ein vel desse overgangane som styrande når ein skal planlegge eit heilskapleg opplæringstilbod til menneske med ASD, deira pårørande og nærpersonar i hjelpeapparatet.
Prosjektgruppa:
1 prosjektleiar Inger Johanne Grønningsæter
1 brukar Jostein Dalen
1 frå Lærings- og meistringssenteret Bodil Haugen Våge
3 frå Seksjon for habilitering