Velkomen til kurs: Autisme i vaksenlivet

Autismeforeningen Sogn og Fjordane lokallag inviterer til kurset «Autisme i vaksenlivet» måndag 20.oktober frå klokka 08:30 til 14.30 i auditoriet på Førde sentralsjukehus. 

Vi har fått med oss eit knippe med dyktige førelesarar på kvart sitt felt, så her vil du få godt med fagleg påfyll. Her er programmet for dagen: 

Program for kurset:

08:30 – 09.00                   Oppmøte og registrering

09:00 – 09:15                   Innlegg med Brukarrepresentant

09:15 – 10:15                   «Når dirigenten svikter – om eksekutive funksjonsvansker i dagliglivet» Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Vest v/Unni Sagstad og Helene Barone

10:30 – 11:30                   «Veien til voksenlivet – autisme og tilrettelegging i skole og overganger» v/Eldrid Hodneland Rasmussen, Statped

11:45 – 12:45                   «Tiltak og mogelegheiter i regi av NAV. Arbeidsgjevars Kunnskap og forståing – Kva er dei store fallgruvene? Korleis kan vi legge til rette for auka meisteing og trivsel?» v/Tonny Gunnar Helgøy, NAV Arbeidsrådgivning Vestland

13:30 – 14:30                   «Hjelpemiddel gjennom NAV. NAV veiledningstjeneste knytt til arbeid og høgare utanning» v/ Heidi Pedersen Sårheim, Reidun Hammerseth og Anne Fond, NAV Hjelpemiddelsentral

Prisar:

  • Medlem Autismeforeningen kr 300,- pr pers.
  • Ikkje medlem Autismeforeningen kr 600,- pr pers.
  • Familiar 3 stk eller fleire, medlem Autismeforeningen kr 900,-
  • Familiar 3 stk eller fleire, ikkje medlem Autismeforeningen kr 1800,-

 

Du kan finne meir informasjon og melde deg på via denne lenken: 

https://www.letsreg.com/no/register/kursautismeivaksenlivet_12092025121440

 

Kurs
Del på sosiale medier

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer