Tilrettelagt teater i Bergen

Vi i Hordaland Lokallag ønsker å videreformidle dette tilbudet arrangert av Det Vestnorske Teateret til våre medlemmer:

HEKKEN er ei sanseleg og leiken teateroppleving for barn med funksjonsvariasjonar – ei vandring inn i ei irrgrøn verd av former, lydar og rørsler.

Ei tilrettelagd framsyning av Makalaus produksjonar, produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret.

I HEKKEN kan ein røra seg fritt rundt og gå inn og ut av rommet slik ein sjølv ønskjer. Her er alle velkomne.

I scenerommet møter de gartnaren, som er vertinna dykkar gjennom opplevinga. Framsyninga handlar om vennskap, leik og nysgjerrigheit.

Spelar på Det Vestnorske Teateret, på Scene 2 i 3 etg:

• Laurdag 25. april: kl.14.00 & 16.00

• Søndag 26. april: kl.14.00 & 16.00

• Laurdag 2. mai: kl.11:30 & 13:30

Søsken og foresatte til barn med funksjonsvariasjonar er velkomne til å vere med!

Kjøp billettar: Betal det du kan, billettpris frå kr 100

Billettar/meir info: https://www.detvestnorsketeateret.no/kalender/hekken/

Det er få plassar per framsyning, så det kan fort bli utseld!

Dette er ei teateroppleving som kan vere kjekk for barna med funksjonsvariasjonar å dele med søsken og familien.

Rullestolbestilling:

NB: Dersom du treng rullestolplass må det reserverast på førehand via publikum@detvestnorsketeateret.no

Vi har ledsagerordning.

Del på sosiale medier

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer