Hei, alle medlemmer!
Den opprinnelege planen vår om sommaravslutning med gokart gjekk ikkje heilt vår veg, då det var fullbooka der til langt ut i sommarferien. Så no har vi kome med eit alternativ som vi trur vil vere svært kjekt for både store og små. Laurdag 20.juni frå klokka 11:00 inviterer vi dykk til ViteMeir på Kaupanger. Her kan de få vere med på leik med såpebobler, vitenshow , sjå på utstillinga og avslutte med mat i kafeen.
Kva kan du forvente?:
Klokka 11:00 – 12:00 og 14:00 – 15:00 er det såpebobler. Klokka 13:00 er det ca 15 minuttars vitenshow. Elles er det høve til å gå rundt og sjå på dei enkelte utstillingane. ViteMeir vil vere open også for anna publikum, så det kan vere ein del lyd i utstillingsarealet. Vi har imidlertid spurt om det er soner der det kan gå an å trekke seg vekk viss det vert behov for dette, og det vil det verte høve til. Elles anbefalar vi at dei som er særleg sensitive for lyd har med seg hørselvern/hodetelefonar som kan brukast ved behov. Det er handikaptoalett i alle tre etasjane. Vi har vurdert om vi skal ha ei eiga omvisning på vitensenteret, men vi trur at mange av borna og ungdommane heller kan tenkje seg å ha god til til å utforske enkelte delar av utstillinga i staden. Cirka klokka 14:30 tenkjer vi pizza i kafeen. Vi håpar å få eit eige rom eller skjerma del av kafeen der vi kan vere.
Sommarprogrammet til ViteMeir kan du sjå her: https://www.vitemeir.no/sommarferie
Pris (inngangsbillett og mat):
Eigenandel for medlemmar : kr 100,- pr person og makspris pr familie kr 300,-
Eigenandel for ikkje medlemmar: kr 200,- pr person og makspris pr familie kr 500,-
Vi må ha påmelding til dette arrangementet. Påmeldingsfrist er sundag 14.juni. Påmeldinga kan de sende til sognogfjordane@autismeforeningen.no. Saman med påmeldinga ynskjer vi at de gir beskjed om eventuelle allergiar og at de opplyser kva type pizza det er ynskje om. Dersom det ikkje er aktuelt med pizza kan de velge alternativ varmmat frå denne menyen: https://www.vitemeir.no/smakemeir
Velkomen!