Vi treng hjelp frå ungdom med autisme eller Asperger Syndrom !

Vi treng hjelp frå ungdommar med Asperger syndrom som veit noko om Pokémon GO!

 

Er du mellom 16 og 26 år og har Asperger syndrom? Då treng vi di hjelp! Vi har laga ei undersøking som du svarar på på pc. I denne undersøkinga spør vi om du spelte Pokémon GO. Vi vil vite kva du likte ved Pokémon GO og om du går på skule eller er i jobb eller om du får heimeundervising. Vi skal ikkje vite kven du er, kun om du er jente eller gut.

 

Vi treng denne informasjonen fordi vi forskar på Asperger syndrom, Tourettes syndrom  og Pokémon GO. Vi prøver å finne ut om vi i framtida kan bygge ein app som kan hjelpe ungdommar med Asperger syndrom på skulen eller i jobben. For å få nok informasjon treng vi di hjelp, du er jo ekspert på kva det vil seie å ha Asperger!

 

Her er ei lenke til undersøkinga:

 

https://response.questback.com/isa/qbv.dll/ShowQuest?QuestID=4960907&sid=0zOfN4uDfi

Personvern

Dine data er trygge hos oss. Vi samler kun brukeropplysninger som er nødvendige for å gi deg en god tjeneste. Les mer