Autismeforeningen Sogn og Fjordane lokallag inviterer til nytt kurs i auditoriet på Førde sentralsjukehus torsdag 29.oktober frå klokka 09:30 – 14:30 (oppmøte og registrering frå klokka 09:00)
Frå august i 2024 vart ny opplæringslov iverksett. Kapittel 11 i ny opplæringslov tek føre seg tilpassa opplæring, og er av særleg interesse for pårørande og andre som skal følgje opp elevar med autismespekterdiagnose eller andre nevroutviklingsforstyrrelsar. Korleis skal skulane legge til rette for at elevar med ulike funksjonsnedsettelsar får tilstrekkeleg utbytte av opplæringa, og kva seier lovverket? (NB! Her fokuserer vi meir på det pedagogiske enn på sjølve jussen).

Program for dagen:
Tilrettelagt opplæring
Før lunsj:
- Felles forståelsesrammer – i eit pedagogisk perspektiv
- Å forstå eleven («Kva treng eg å vite viss eg har ein elev med autisme i klassen?»)
- Lovverk, rettar og plikter – med særleg fokus på Opplæringslova kap.11
- Elevens stemme – kartlegging
- Laget rundt eleven. Om samarbeid mellom skule, heim og andre aktørar
Etter lunsj:
- Bekymringsfullt skulefråver
- Pedagogisk tilrettelegging
- Struktur og forutsigbarhet
- Interesser som inngang til læring
- Fagleg og sosial deltaking – inkluderande læringsaktivitetar, ressursar/verktøy og metodiske råd
Om kurshaldarane:

Eldrid Hodneland Rasmussen er spesialpedagog, og jobbar som seniorrådgjevar i Statped, på avdeling samansette lærevanskar, i divisjon ungdomstrinn, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Eldrid jobbar med rettleiing om tilrettelegging, relatert til elevar med ulike nevroutviklingstilstandar, og særleg knytt til autisme og til skulefråver.

Sølvi Ellefsen er logoped, og jobbar som seniorrådgjevar i Statped, på avdeling språk og tale, i divisjon ungdomstrinn, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Sølvi jobbar med rettleiing om tilrettelegging, relatert til elevar med ulike nevroutviklingstilstandar, gjerne også knytt opp til pedagogisk bruk av digitale læringsressursar.
Praktisk informasjon:
Pris for kurset: Kr 100,- for medlemmer i Autismeforeningen, kr 200,- for ikkje-medlemmer (prisen inkluderer enkel lunsj). Oppgi eventuelle matallergier ved påmelding.
Vi nyttar påmeldingssystemet letsreg.no. For bedrifter /kommunar er det mogeleg å velge faktura for betaling, men då er det særleg viktig at de oppgir riktig fakturaadresse til den avdelinga som skal motta faktura, samt riktig e-postadresse fakturaen skal sendast til.
Når påmeldingsfristen er ute vil påmeldingsskjemaet i Letsreg bli stengt for registrering.
Her er direkte link til påmelding:
For spørsmål om kurset kan de ta kontakt med:
Leiar Bente Liabø Thorsen, mobil 913 11 107
eller vår e-post: sognogfjordane@autismeforeningen.no
Vår hovudsponsor:
