Autismeforeningen Sogn og Fjordane lokallag inviterer til halloween-bowling og pizza i Førde bowlinghall sundag 1.november frå klokka 15:00 - 17:00. Dei somynskjer det kan kle seg ut, men dette er valfritt.
Vi kan tilpasse litt i høve lyd/lys i lokalet for dei som er sensitive. Elles vil vi prøve å ta omsyn så godt det let seg gjere, men fint om vi får ei melding på førehand om kva tilretteleggingsbehov som trengs.
Pris kr 100,- for medlemmer. For ikkje-medlemmer kr 150,-. Prisen inkluderer ein omgang med bowling, ei brus og pizza. For fleire rundar bowling betaler den enkelte runden sjølv.
For at vi skal ha ei oversikt over kor mange som kjem, ynskjer vi påmelding innan fredag 30.oktober til sognogfjordane@autismeforeningen.no