Regionale, nasjonale og internasjonale arrangementer. (For lokale kurs og arrangementer, se fylkeslagenes nettsider.)

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Det merkelege som hende med hunden den natta

13. mars 2014 kl. 19:00 - 21:00

Teatrets omtale:

Mark Haddons bestseljar frå 2003, Det merkelege som hende med hunden den natta, er dramatisert og blitt den store teatersnakkisen.

Vi er stolte av å ha noregspremiere på stykket som har fått heile 7 Olivier Awards i Storbritannia og som for tida går for fulle hus på Betty Nansen Teatret i Danmark. Det er ei vakker teaterhistorie om ein gut som er annleis, men med kjensler og draumar som alle andre. Her er ingen skurkar, berre vaksen tankeløyse og uforståelege handlingar gjord i beste meining.

Hundemordet
Christopher er ikkje som andre femtenåringar. Han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole. Men han er uvanleg god i matematikk, veldig opptatt av stjernehimmelen, har ei rotte som heiter Toby og er svært glad i hunden til fru Shears. Ikkje rart at han blir heilt ute av seg da han ei natt finn hunden død på plenen utanfor huset hennar, spidda av eit hagegreip. Han bestemmer seg for å etterforske drapet og kjem på sporet av sanninga om sin eigen familie.

Ledige forestillinger

Detaljer

Dato:
13. mars 2014
Tid
19:00 - 21:00
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:

Arrangør

Det norske teatret
Telefon:
22473800
Hjemmeside:
www.detnorsketeatret.no

Sted

Det norske teatret
Kristian IVs gate 8
Oslo, Oslo 0164 Norge
+ Google-kart
Telefon:
22473800
Hjemmeside:
www.detnorsketeateret.no

Autismeforeningen er ikke ansvarlig for aktiviteter som ikke arrangeres av Autismeforeningen.